Hopp til innhold

Tek ansvar for at elbil-eigarane får hurtigladestasjonar

Kraftselskapa tek no ansvar for at det blir bygd hurtigladestasjonar for elbilar rundt om i Sogn og Fjordane.

Hurtigladestasjon på Sandane

KLAR TIL BRUK: Prosjektleiar Ole Gaute Hovstad i SFE instruerer ein representant for Berge & Co om bruken av ladestasjonen på Sandane.

Foto: SFE

I går opna SFE for testlading på hurtigladestasjonen på Sandane. Det er litt uvisst når det blir offisiell opning, seier prosjektleiar Ole Gaute Hovstad.

– Det er ein del ting som skal på plass først, vi har bygd ladestasjonen i samarbeid med Tesla. Det er ein stor stasjon, her kan ni bilar lade samstundes om dei har den rette konfigurasjonen.

Men om stasjonen ikkje er offisielt opna så kan elbilistane kople seg til. Det er seks ladepunkt for Tesla, to fleksiladarar og ein hurtigladar.

– Då har vi i praksis ladarar for alle typar bilar, seier Hovstad.

Iallfall seks stasjonar til

Og i løpet av hausten blir det tilsvarande ladestasjonar på Nordfjordeid og i Florø, også desse bygde av SFE.

Sunnfjord Energi har ansvaret for hurtigladestasjonar i Førde og på Skei, seier Åge Sunde i energiselskapet.

– I Førde skal vi ha tre ladepunkt, eitt av dei er hurtigladar, ved Coop Extra, og det skal folk kunne ta i bruk i august. På Skei reknar vi med at vi har eit tilbod utpå nyåret.

På Jølstraholmen er det planar om ein hurtigladestasjon i privat regi.

I Sogn har Sognekraft planar om hurtigladestasjon i Sogndal. Frå før er det ein hurtigladestasjon på Oppedal ferjekai, og i Aurland er det ein hurtigladestasjon for Tesla.

(Artikkelen held fram under biletet)

Elbil-ladestasjon på Sandane

SNART FLEIRE: I tillegg til ladestasjonen på Sandane byggjer SFE tilsvarande anlegg i Florø og på Nordfjordeid.

Foto: SFE

Ikkje langs E39

Ladestasjonen på Sandane er plassert i sentrum, med andre ord eit stykke unna gjennomgangstrafikken på E39. Det er fleire grunnar til det, seier Ole Gaute Hovstad.

– Vi prøver å plassere dei der det er fasilitetar rundt, som t.d. kjøpesenter og toalett, og der folk kan få kjøpt seg mat medan dei ventar på at bilen blir opplada. For det tek litt tid, normalt står bilane rundt 20 minutt.

Dersom bilen er heilt tom for straum, tek det gjerne ein halv time å lade opp.

– Men dei fleste som køyrer elbilar er vel som dei som køyrer bilar med diesel- eller bensinmotorar - dei fyller opp før det er heilt tomt.

Og for dei som driv med handel på Sandane er dette noko som på litt lengre sikt kan vere med på å auke omsetnaden, seier Hovstad.

– Eg trur at alle stader der det kjem ladestasjonar er det ein auke i talet på drop in-kundar. Eg har sett at andre stader i landet har folk vore veldig nøgde med å få ein ladestasjon utanfor kjøpesenteret sitt. Dei ser at dette betyr nye kundar.

Enno er det ikkje så mange elbilar i Gloppen, men Hovstad trur det kjem til å auke vesentleg i tida framover.

– Eg ser at det er fleire elbilar å sjå på vegane, så eg trur det har vore ein viss auke, og eg trur vi står framfor ein større auke.