Ved førre årsskifte var det 29 reine elbilar i fjordfylket, men då vi bikka 2014 var talet passert 60.
Berre bilforhandlaren Berge & Co har i løpet av november selt tre elbilar av typen Volkswagen E-Up frå sine forretningar i fylket. Teamleiar Anne Berit Voll Aasen har fått gode tilbakemeldingar frå dei som har kjøpt.
– Det har vore mange som har teke kontakt med oss mot slutten av året, og dei som har kjøpt bilen har fortalt om kor nøgde dei er, seier Voll Aasen til NRK.no.
Salet går betre i byane
Men sjølv om talet altså har dobla seg det siste året er det framleis langt mellom elbilane i vårt fylke. I meir urbane strøk har det teke meir av.
Både i september og november i fjor var det ein elbil på toppen av salsstatistikken for heile landet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Voll Aasen seier det er fleire grunnar til at det gjerne er folk i større byar som viser interesse for elbilane.
– I Sogn og Fjordane har vi ikkje heilt dei same føresetnadane som i dei store byane. Der er det fordelar med elbilar i form av gratis parkering, køyring i kollektivfelt og at ein slepp å betale bompengar, seier ho.
– Fordelar og miljøvenleg
Då NRK var innom Berge & Co i Førde var det ein bergensar innom for å sjå på elbilen Volkswagen E-Up.
– Argumenta mine for å kjøpe elbil er til dels at det er bompengar der eg bur, at eg kan køyre i kollektivfelt og i tillegg at det er gratis parkering.
– I tillegg er det mykje eksos i Bergen på vinteren, og det kan vere greitt å vere med å redusere dette med å køyre elbil, seier bilkjøpar Eivind Strandenes.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Trur talet vil stige framover
POPULÆR: Anne Berit Voll Aasen seier elbilen Volkswagen E-Up har vore populær sidan dei starta salet i haust.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRKMen om det går litt saktare med elbilsalet her i fylket, så kjem det sakte, men sikkert.
I november var det til dømes også selt tre Tesla i Sogn og Fjordane, og elles er det Nissan Leaf som til no har hatt mykje av marknaden.
Men no kjem fleire andre bilmerke etter, mellom dei Volkswagen, og Anne Berit Voll Aasen seier dei merkar stor interesse for sin elbil.
Ho trur det på sikt kan bli langt fleire som vel elbil i fylket. Til dømes om det blir innført bompengeavgift rundt Førde.
– Interessa er veldig stor, og vi har fleire interesserte.
Og i tillegg til dei reine elbilane rullar det og 12 såkalla plug-in-hybridbilar i Sogn og Fjordane.