Hopp til innhold

No har dei funne skrekksjukdomen på villrein også i USA

For første gong er den dødelege dyresjukdomen skrantesjuke oppdaga på reinsdyr utanfor Norge. Ein tamrein i Illinois i USA fekk påvist den frykta smitten då han døydde brått.

reinsjakt på Hemsedalsfjellet

FRYKTA SJUKDOM: Skrantesjuke er ein dødeleg sjukdom som råkar hjortevilt. I Noreg er heile stammen i det eine villreinområdet i Nordfjella no utrydda i eit forsøk på å bli kvitt sjukdomen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

I Noreg måtte 2000 villrein bøte med livet i kampen mot sjukdomen sist vinter.

Det er eit dyr i ein tamreinflokk i delstaten Illinois nord i USA som har fått påvist sjukdommen. Det kjem fram i ei melding frå landbruksmyndigheitene i staten, som elles gir lite informasjon om funnet.

Men i følgje TV-kanalen Wand17, blei dyret undersøkt og smitten fastslått då dyret døydde brått og uventa i slutten av april i år.

Det er første gong skrantesjuke (Chronic Wasting Disease) er påvist på reinsdyr i Nord-Amerika. Sjukdommen er tidlegare påvist på hjortedyr i området.

Seniorforskar Sylvie Benestad ved Veterinærinstituttet ønskjer å samanlikne funnet i Illinois med funna i Noreg.

– Dette er veldig interessant og vi vil følgje med vidare når fleire detaljar kjem ut. På sikt vil det vere interessant å samanlikne funnet hos reinsdyr i Illinois med våre funn, seier Benestad.

Ho leier laboratoriet ved instituttet, som nyleg er utnemnt som referanselaboratorium for forsking på skrantesjuke under Verdsdyrehelseorganisasjonen. Veterinærinstituttet har eit godt samarbeid mot nordamerikanske forskingsmiljø.

Hittil er det berre i Noreg det er påvist skrantesjuke hos reinsdyr, og då villrein. Det er berre hos villrein sjukdommen har vist seg å vere smittsam.

Sylvie Benestad

FORSKAR: Sylvie Benestad ved Veterinærinstituttet håpar no å kunne samanlikne funna i USA med det dei fann i fjellområda i Sør-Norge.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

(©NPK)