No er NM i vektløfting i gang i Naustdal

Naustdal (NRK): Naustdal er ein liten kommune i folketal, men i vektløftarsamanheng er dei store. Frivillige i alle aldrar må trå til når dei i helga skal vere vertskap for noregsmeisterskapen i vektløfting.

I GANG: Frå fredag ettermiddag er NM i vektløfting i gang i Naustdal.

– Dette kan vi, og vi veit jo at vi er blant dei beste til å arrangere slike meisterskap, seier ein sjølvsikker Jørn Helgheim.

Han er leiar for vektløftargruppai Tambarskjelvar IL i Naustdal. Klubben som no arrangerer sitt andre meisterskap på to år. Etter suksessen med EM i Førdehuset i 2016, kjenner dei seg trygge før ei helg med NM i Naustdal.

Innveginga av utøvarane tok til fredag ettermiddag, og frå klokka fem var det fullt køyr med løfting i dei ulike klassene.

Kva er sjansane for at vi får ein noregsmeister her ifrå fylket?

Jørn Helgheim

NØGD: Jørn Helgheim er nøgd med at Tambarskjelvar får arrangere endå eit stort vektløftarmeisterskap

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

– Dei er veldig gode. Vi er fleire aktuelle kandidatar. Marit Årdalsbakke og Ine Andersson er begge EM-klare, og kan gjere det bra i helga. Vi har også høge forventingar til Vebjørn Varlid og Sindre Rørstadbotnen, som skal løfte på søndag, seier Helgheim.

Han fortel at naustdalsklubben Tambarskjelvar IL har deltakarar i nesten alle klassar i løpet av meisterskapen på heimebane.

– Og så trur eg ein slik meisterskap kan vere veldig bra for rekrutteringa. No har vi hatt vektløftarskule kvar haust og vår sidan vi arrangerte EM. No trur eg det kjem ein del gode utøvarar i junioralderen.

Norgesmeisterskap i vektlyfting i Førde

I GANG: Frå fredag ettermiddag er NM i vektløfting i gang i Naustdal.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Ungdomar blir inspirerte

Kristen Røyseth frå Naustdal er ein av dei unge utøvarane som har byrja med vektløfting dei siste åra.

– Det er veldig kjekt å vere med på eit slikt arrangement. Kanskje kan det inspirere andre på skulen til å byrje å løfte og trene, seier Kristen Røyseth.

Han er ein av ungdommane som bidreg som frivillig under NM i helga. Røyseth har både ein far og ein onkel som har vore i noregstoppen i idretten. I helga har han mellom anna ansvaret for å leggje rett vekt på stonga til utøvarane.

– Det er veldig inspirerande for meg å vere med, seniorane er jo store førebilete for meg, seier Røyseth, som byrja med vektløfting som 13-åring.