NRK Meny
Normal

No er han vektløftarane sin «rike onkel»

NAUSTDAL (NRK): – Dei trengde det vel, seier bergensmilliardær Trond Mohn om millionen han nyleg gav arrangørane av EM i vektløfting. – Den var utruleg viktig for oss, seier EM-general.

Trond Mohn får helse på Vebjørn Varlid. Bak Gunnar Reiakvam og Stian Grimseth.

STERKE HANDTRYKK: EM-løftar og naustedøl Vebjørn Varlid helsar på Trond Mohn under opninga av den nye vektløftarhallen i Naustdal.

Foto: Bård Siem / NRK

Mohn vart møtt av bokstavleg talt sterke handtrykk då han møtte Tambarskjelvar-løftarane i Naustdal onsdag. Midt under EM i vektløfting tok milliardæren turen til Sunnfjord for å opne vektløftarhallen han har vore ein viktig bidragsytar til.

Då kom det også for dagen at bergensaren har gitt EM-arrangørane ein million kroner til sjølve arrangementet. Ifølgje EM-general Stian Grimseth kom pengane for nokre veker sidan heilt uventa.

– Vi kan ikkje forvente å få ein million kroner i gåve, men det har vore utruleg viktig for oss, seier han.

Har gitt 4,5 millionar kroner

Trond Mohn under opninga av ny vektløftarhall i Naustdal

TAKKSAM: Vektløftarmiljøet i Naustdal har mykje å takke Trond Mohn for. Ikkje berre spytta han inn 3,5 millionar kroner for å få bygd ein ny vektløftarhall i Naustdal. For berre nokre veker sidan kom ytterlegare ein million kroner til sjølve arrangementet. – Han såg kor hardt vi jobba og at vi trengde det for å kome i mål, seier Grimseth om det han seier var ei uventa pengegåve like før meisterskapen starta.

Foto: Bård Siem / NRK

Og at EM-arrangørane vart overraska er kanskje ikkje utan grunn, for Mohn har allereie bidrege tungt for å gje vektløftarsporten eit løft.

For to år sidan byrja naustedølane planlegginga av eit nytt treningslokale for klubben som gjennom fleire år har markert seg som den beste vektløftarklubben i landet.

Idrettslaget og kommunen gjekk tidleg saman. Dei visste at eit stort og moderne treningslokale ville vere viktig under EM. Økonomisk måtte dei ha hjelp, og lukka var difor stor då Trond Mohn gjekk inn med 3,5 millionar kroner.

– Utan støtta frå Trond Mohn kunne hallen aldri vore realisert på den tida. Det er fantastisk, seier Grimseth.

Naustdal-ordførar Håkon Myrvang viser Trond Mohn rundt under opninga av den nye hallen

VIKTIG: Naustdal-ordførar Håkon Myrvang stilte seg i rekka av dei som ville takke Trond Mohn for pengestøtta til den nye hallen i sentrum.

Foto: Bård Siem / NRK

Skrytte av miljøet

Mohn sjølv verka godt nøgd med det han fekk sjå under opninga av hallen.

– Dette er jo eit usedvanleg godt dugnadsmiljø. Vi ønskjer at nokon tek vare på ungdomen, og det gjer dei her i Naustdal. Difor var det ei glede å få vere med på dette bygget, seier han.

Leiar i Tambarskjelvar IL, Dag Rune Mallasvik, er svært takksam for støtta.

– Den var heilt avgjerande for at vi skulle klare å reise dette bygget. Dette blir eit kjempeløft for klubben framover, seier han.

Fekk byggje «drømmenes teater»

Også ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang, stilte seg i køen av dei som ville takke bergensmilliardæren.

– Vi er veldig glade, seier han.

Om den ekstra millionen han kom med berre veker før EM starta, vil ikkje Mohn sjølv seie så mykje. EM-general Stian Grimseth seier løftearenaen dei har bygd i Førdehuset ikkje hadde blitt den same utan gåva frå bergensaren.

– Vi har lenge hatt ein draum om å få byggje «drømmenes teater», der vi ville byggje om heile Førdehuset, med fantastisk lyssetting, lyd og storskjermar. Pengane vi fekk frå Mohn no heilt på tampen gjorde det mogleg, seier han tydeleg takksam.

Trond Mohn får helse på landslagstrenar Gunnar Reiakvam

LANDSLAGSSJEF: Gunnar Reiakvam er landslagstrenar for dei norske EM-utøvarane. Her får han helse på Trond Mohn.

Foto: Bård Siem / NRK
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå