Hopp til innhold

«Vi er uansett stolte. Han er mest skuffa sjølv»

FØRDE (NRK): Med familien på tribunen skulle Jantsen Øverås prestere på det viktigaste stemnet i sitt liv. Det enda med ein gedigen nedtur.

Familien Øverås følgjer Jantsen under EM på heimebane

SPENTE: Familien Øverås følgjer Jantsen under EM på heimebane. Frå venstre søster Lovise, bestefar Martin, bror Tor-Magnus og mamma Lize.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg føler eg har skuffa ganske mange, i tillegg til meg sjølv. Ikkje minst trenarar og lagkameratar, seier Jantsen Øverås.

Han var langt nede etter å ha bomma på tre forsøk på 147 kilo i støt. 21-åringen ville ikkje snakke med nokon, og gjekk rett frå oppvarmingsrommet og ut i bilen.

Først då NRK ringte og ba om intervju, snudde han bilen og kom tilbake.

– Akkurat no så er eg ikkje heilt sikker på kva som går gjennom hovudet mitt. Eg var ikkje førebudd på at det skulle gå som det gjekk. Men eg er veldig skuffa, seier Øverås.

Han forklarer:

– Eg hadde så lyst til å gje heimepublikum eit skikkeleg show og vere i toppen i pulja.

– Det skal ikkje skje

Jantsen Øverås var den første av dei lokale utøvarane i aksjon under EM i Førde. Og det heile byrja så bra, med 125 kilo rykk - like oppunder den personlege rekorden. Det heldt til ein solid tredjeplass i C-pulja i 77-kilosklassen.

I støt hadde han meldt inn ei startvekt på 145 kilo. Men han valde å auke til 147. Det klarte han aldri å få eit teljande resultat med.

– Oppvarminga gjekk veldig bra med mange fine løft. Så eg er ikkje sikker på kva skjedde. Vi må sjå på det. Det skal ikkje skje, seier vektløftaren medan Stian Grimseth kjem bort og gir han ein solid klapp på skuldra.

Jantsen Øverås får oppmuntrande ord frå Vebjørn Varlid

DEPPA: Jantsen Øverås får oppmuntrande ord frå Vebjørn Varlid utanfor Førdehuset etter nedturen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Har jobba mange år mot EM

EM på heimebane er det store høgdepunktet for dei lokale løftarane. På tribunen tysdag føremiddag sat vener, kolleger og familie. Alle heia og ropte på Øverås.

For familien var det uansett ei stor oppleving.

– Det var heilt fantastisk – uansett korleis det gjekk. Vi er uansett stolte. Han er nok mest skuffa sjølv, seier bestefar Martin Øverås.

– Det er veldig kjekt at så mange hadde møtt opp og heia på han, seier han.

Mamma Lize er samd. Ho er den som kanskje veit best korleis sonen hadde det etter nedturen.

– Han har jo jobba mot EM på heimebane i mange i år. Så fekk han ikkje det resultatet han hadde ønskt seg. Men vi er likevel stolte.

Jantsen Øverås jublar for 125 kilo i rykk under EM

JUBLA: Jantsen Øverås jublar for 125 kilo i rykk under EM. Men i støt fekk han det vanskeleg.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ville berre komme seg heim

Utanfor Førdehuset sette Jantsen Øverås seg i trappa utanfor inngangspartiet. Han ville helst ikkje snakke med folk, men fekk likevel oppmuntrande godord på vegen.

– Akkurat no har eg berre lyst heim. Så får vi sjå kva eg gjer i morgon – om eg i det heile teke kjem på trening. Akkurat no er eg veldig sliten, seier 21-åringen.

EM held fram med B- og C-pulje i 77-kilosklassen. Men Øverås blir ståande utan plassering i konkurransen.