– Eg vart litt overvelda av trøkket der ute. Men eg klarte heldigvis å hente meg inn, seier Marit Årdalsbakke.
Ho fekk ingen god start på EM i vektløfting, då ho bomma på det første forsøket i rykk. For ho hadde nok ikkje trudd at publikum skulle vere fullt så entusiastiske.
Og ho skulle veldig gjerne ha sett nye personlege rekordar. Men slik gjekk det ikkje. Jølstringen enda med 83 kilo i rykk og 93 kilo i støt.
- Les også:
Gamletrenar såg potensial i vektløfting
Samanlagt endar ho truleg blant dei 20 beste løftarane i Europa i 63-kilosklassen. A-pulja skal i sving onsdag ettermiddag. Det må vere godkjent av 23-åringen, som inntil for berre få år sidan satsa på friidrett. Ho har NM-medalje i diskos for juniorar.
Bytet av idrett skjedde då Årdalsbakke fekk smaken på styrketrening.
– Eg såg ganske fort at ho hadde gode anlegg i vektløfting. Ho var smidig, hadde god motorikk og ei kroppsbygging som passa godt til vektløfting, seier Jørund Årdal.
Angrar ikkje på at ho byta
Årdal var trenar for Årdalsbakke då ho satsa på friidrett. Då kastarane i Gloppen byrja med styrketrening, vart dei også med på eit julestemne i vektløfting i Naustdal. Då var gneisten tend. Årdalsbakke kvalifiserte seg like godt til NM.
– Ei stund jobba eg parallelt med begge idrettane. Så fann eg ut at eg ville satse vektløfting. Det var der eg hevda meg best, seier ho.
– Eg angrar ikkje på det. Eg har fått mange store opplevingar med vektløfting, og dette er min andre store internasjonale konkurranse. Det er veldig kjekt, seier Årdalsbakke.
- Les også:
– Hadde vore stort å vere med i OL
Også gamletrenaren meiner valet av idrett var til det beste.
– Eg såg tidleg at ho kunne bli god, spesielt i rykk. Dessutan er det er ein fordel med lange armar i diskos. I vektløfting er det nesten motsett, smiler Årdal.
No er 23-åringen frå Jølster motivert for å halde fram satsinga på toppnivå.
– Vi får sjå kva framtida bringar. Det kan kanskje vere realistisk med OL om fire år. Det hadde vore stort. Men vi får sjå korleis motivasjonen held seg, seier Årdalsbakke.