Hopp til innhold

– Det er det største eg har vore med på

FØRDE (NRK): Ine Andersson hadde slite med å få det til å klaffe i konkurranse. Men då det gjaldt som mest fekk ho fullklaff på heimebane.

Ine Andersson jublar etter ny personleg rekord i støt

SLEPPTE KJENSLENE LAUS: Ine Andersson jublar etter ny personleg rekord i støt.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det var heilt fantastisk. Berre det å stå der oppe med så mykje publikum som heia – og så fekk eg endeleg vist kva eg er god for. Ei fantastisk kjensle, seier Andersson.

Vektløftaren klinte til med seks godkjende løft og nye personlege rekordar på rad og rekkje. Ho fekk 84 kilo i rykk, 104 i støt og solide 188 kilo samanlagt.

Det held truleg til ein plass mellom dei 15 beste i EM, også etter at A-pulja har løfta ferdig seinare onsdag ettermiddag.

Rosar miljøet i Naustdal for hjelp mot EM

Så langt i meisterskapen står Ine Andersson for den største norske prestasjonen. Det smakte ekstra godt for ein utøvar som ikkje har hatt for vane å få det til i store stemne.

– I dag fekk eg endeleg vist meg fram. Og det er dette eg har trent mot. Då eg ikkje lykkast, har eg motivert meg med at det er på EM det skal funke – og det gjorde det i dag, gliser Andersson.

Ho er eigentleg frå Austlandet, men har det siste året budd og trent i Naustdal.

– Det er eit kjempebra miljø, og Tambarskjelvar har gode trenarar og løftarar. Det har viktig for satsinga mi fram mot EM, seier Andersson.

Ine Andersson i rykk under EM

STERK: Ine Andersson gjer seg klar for rykk under EM.

Foto: Rune Fossum / NRK

Satsar på å kvalifisere seg til VM

Opplevinga i EM gir Andersson motivasjon til å satse vidare. Resultatet gav ho 252 poeng, medan kravet til VM ligg på 255 poeng. Ho er med andre ord ikkje mange kilo unna å kunne kvalifisere seg.

– No er det berre å jobbe på vidare. Det skal nok gå om eg jobbar skikkeleg, seier ho.

– Dette var kjempemoro. Eg kan ikkje beskrive den kjensla. Men det er det største eg har vore med på, seier Andersson.