Hopp til innhold

Her står Stian med ein stor klump i halsen

FØRDE (NRK): Stian Grimseth måtte svelgje tungt då IWF-presidenten rosa sunnfjordingen sin innsats for internasjonal vektløfting under EM-opninga.

IWF-president Tamas Ajan og Stian Grimseth på scena under opninga av EM i vektløfting

STERKE ORD: IWF-president Tamas Ajan skrytte av arrangementet og Stian Grimseth under opninga av EM i vektløfting. Stian Grimseth i bakgrunnen til venstre.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er nesten så det kan bli for mykje av det gode, seier Stian Grimseth til NRK etter at opningsseremonien er unnagjort.

Søndag vart EM i vektløfting offisielt sparka i gang frå den festkledde scena i Førdehuset. IWF-president Tamas Ajan nytta høvet til å skryte over Sogn og Fjordane, Førde – og Stian Grimseth spesielt.

Stian Grimseth takkar Tamas Ajan for skryt

RØRT: Stian Grimseth bukkar og takkar Tamas Ajan for skryt.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Ved å leggje EM hit vil verda vise han si ære. Han var ein fantastisk vektløftar, og vi har stor respekt for han og det han har gjort for internasjonal vektløfting, sa Ajan.

I bakgrunnen stod Grimseth og måtte svelgje tungt.

– Eg fekk klump i halsen, ja. Er vel ein fare for det, vedgår EM-generalen.

Takka dei mange frivillige for innsatsen

Opningsseremonien starta med eit nummer av Erlend Apneseth på hardingfele. Så kom lokale ungdommar med flagg frå dei 40 deltakarnasjonane og omkransa scena.

President Tamas Ajan i Det internasjonale vektløftarforbundet (IWF) innleia med å seie at han var glad for at EM og OL-kvaliken er lagt til Norge. Presidenten i det europeiske forbundet (EWF) følgde opp med å skryte av arrangementet – som har sett ny rekord med nesten 400 deltakarar.

Stian Grimseth og EWF-president Antonio Urso

TAKKA DEI FRIVILLIGE: Stian Grimseth og EWF-president Antonio Urso i passiar på scena under opninga av EM.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg hugsar då vi starta å diskutere om vil skulle leggje EM til Førde. Stian sa det ville bli fantastisk. No er vi her. Eg kjenner ikkje alle, men eg vil gje ein stor takk til alle dei frivillige for innsatsen, sa Antonio Urso.

Stian Grimseth på scena under opningsseremonien til EM

ENDELEG OPNA: EM-general Stian Grimseth talte til mange frammøtte under opningsseremonien.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Viktig for marknadsføring og reiseliv

Ein av dei som var på scena for å halde tale var fylkesordførar Jenny Følling. Ho trur ikkje folk flest er klar over kor stort det er å få EM i vektløfting til Sogn og Fjordane.

– Vi kan takke Stian Grimseth og hans kontaktar og personlegdom for det i det heile teke er mogleg. I tillegg har han med seg svært dyktige folk, seier Følling.

– EM set fylket vårt på kartet. Det er utruleg viktig. Ikkje minst med tanke på marknadsføring og reiseliv. Meisterskapen blir sendt på TV i 50 nasjonar, seier ho.

– Endeleg! Dette har vi venta lenge på...

Opningsseremonien markerte starten på ei veke med det beste Europa har å vise fram av vektløfting. I løpet av sju intense konkurransedagar skal det delast ut 135 medaljar.

For Stian Grimseth og arrangørane er det starten på ei hektisk veke. Dei har jobba med planane sidan starta i 2012.

– Endeleg er vi gang. Det er fantastisk. Dette har vi venta på i nokre år, seier Grimseth.

Tamas Ajan applauderer EM-arrangøren

APPLAUS FRÅ PRESIDENTEN: Tamas Ajan applauderer EM-arrangøren.

Foto: Rune Fossum / NRK