NRK Meny
Normal

No er denne vegen stengt til måndag

Berre naudetatane slepp forbi den rasutsette strekninga på fv. 53 i Årdal.

Fylkesveg 53 ved Finnsåstunnelen etter opning 14. januar 2018

FRÅ FØRRE OPPRYDDING: Sånn såg det ut på fv. 53 etter oppryddinga av raset tidlegare i januar. No gjer uvêr at vegen vert stengd til måndag.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit/Porten.no

Meldingar om mykje nedbør og kraftig vind gjer at vegen mellom Årdalstangen og Fodnes vert stengt.

– Det fare for fleire ras med all nedbøren som kjem laurdag kveld og på sundag, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, Kjetil Molvær.

Knappe to veker etter at vegen opna etter førre ras, så rasa det på nytt ved Finnsåstunnelen. Etter at ein geolog undersøkte fjellsida har vegen vore open for trafikk nokre timar på laurdag.

– Dei var oppe med helikopter i dagslys. Entreprenøren kunne melde at det ikkje har kome fleire steinar etter raset i går. Det blir tatt ny vurdering måndag kl. 9, seier Molvær.

For å komme seg inn eller ut av kommunen må innbyggjarane nytte seg av fjellvegen til Tyin og E16 Filefjell. På sundag står omkøyringsvegen i fare for å verte stengd.

– I morgon vil nok dårleg vêr gjere at vi må stenge vegen mellom Årdal-Tyin, seier Molvær.

Naudetatane slepp omkøyringsveg

Årdal kommune etablerte kriseleiing laurdag morgon. Der diskuterte dei korleis ein best kunne løyse akuttberedskapen til over helga.

– Naudetatane får køyre gjennom ved rasstaden. Dei har fått eit telefonnummer og ein vaktperson dei kan nå for å sleppe gjennom, seier Årdal-ordførar Arild Ingar Lægreid.

Nok ein gong fekk Årdal-ordføraren beskjed om at det hadde rasa på nytt. Denne gongen på same stad som sist.

– Det er aldri kjekt, men sånn er verkelegheita, seier Lægreid.

Arild Ingar Lægreid

KRISELEIING: Laurdag morgon etablerte Årdal kommune kriseleiing etter raset på fredag, seier Årdal-ordførar Arild Ingar Lægreid.

Foto: Sondre Dalaker / NRK