Hopp til innhold

NHO krev granskingar av kvaliteten på all omsorg i Noreg

Ho vil at alle institusjonar som driv med omsorg i Noreg skal fingranskast med tanke på kvalitet for pasientar og pårørande.

NHO Årskonferanse 2019

SET KRAV: Anne Cecilie Kaltenborn er toppsjef i NHO service og handel. Ho meiner regjeringa no må handle.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Pasientar, brukarar og pårørande har veldig liten moglegheit til å vite om den institusjonen dei er avhengige av, faktisk leverer på det nivået dei skal, seier administrerande direktør i NHO service og handel, Anne Cecilie Kaltenborn.

Det er i dag få norske kommunar som i detalj målar kvaliteten på tenestene ved omsorgsinstitusjonane.

Heller ikkje i Vågsøy i Nordfjord der det har vore retta sterk kritikk mot hendingar ved Kulatoppen omsorgssenter.

Brit Lødøen opplevde at alarmsnora til mora blei klipt av, visstnok fordi mora var for masete.

– Eg fekk stadfesta mi verste frykt og blei skikkeleg sjokka. Eg visste at eg ikkje fekk sove då eg kom heim, sa ho til NRK.

Kommunen har i ettertid tatt sjølvkritikk etter denne og andre hendingar ved Kulatoppen.

Alarmsnor

KOPLA FRÅ: Slik fann Brit Lødøen alarmsnora kopla frå på rommet til mora. I tillegg var der også det ho kallar ei falsk alarmsnor, som mora kunne få tak i.

Foto: PRIVAT

– Må få verdig behandling

Slike saker gjer at NHO no forsterkar kravet sitt om granskingar heilt ned på institusjonsnivå over heile landet. Uavhengig om det er ein privat, statleg eller kommunal institusjon.

– Det som er viktig for pasientar, bebuarar og deira pårørande er jo den institusjonen dei er på, den opplevinga dei har, den informasjonen dei får og at dei får ei verdig behandling. Det er ekstremt viktig at ein bryt dette ned på institusjonsnivå, meiner Kaltenborn.

Ho får støtte frå eldrepolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Tuva Moflag.

– Noko som mange kjenner seg att i er jo kvaliteten på mat, medisinbruk og kor lett det er å få kontakt med lege når du bur på sjukeheim. Alle desse tinga blir alt målt i dag, men om vi ikkje følgjer det opp med krav til kvalitet, så er vi redde for at variasjonen blir for stor, seier Moflag.

Stor reform

Regjeringa arbeidar med ein omfattande kvalitetsreform innan omsorg for pleietrengande og andre som treng oppfølging i Noreg. Krava til reforma er mange og NHO legg no press på regjeringa for å få dei til å innføre nye kvalitetsmålingar.

– Kommunane har sjølv eit ansvar, samstundes meiner vi at regjeringa må prioritere og koordinere desse kvalitetsindikatorane, slik at det er dei same i heile landet. Berre da vil ein kunne samanlikne truverdige tal, seier Kaltenborn i NHO.

Ho vil også leggje betre til rette for at pårørande og dei som treng omsorg sjølv skal få velje kvar dei skal få naudsynt omsorg, og peikar på undersøkingar som syner at private skårar betre enn offentlege. Men krava må gjelde uansett, meiner ho.

– Ein må ha rett pleiefaktor, god leiing og ha eit system der pårørande blir tatt på alvor når dei har klager på vegner av sine kjære.