Hopp til innhold

– Det er på tide at ein ser pårørande som ein ressurs, og ikkje brysame og masete

Pårørarande til eldre blir sett på som brysame, masete og blir latterleggjort. Det hevdar leiaren i den nasjonale Pårørandeaksjonen, Anita Vatland. No krev ho eit «FAU» for pårørande.

Anita Vatland, leder Pårørendealliansen

SET KLARE KRAV: Anita Vatland, leiar i Pårørandealliansen og Pårørandeaksjonen, meiner dei pårørande i eldreomsorga bør ha eit eige brukarutval.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Eldre, pleietrengande og deira pårørande bør få eit eige lovpålagt utval på kvar einaste institusjon, krev Vatland.

Ho vil at regjeringa pålegg alle kommunar og stadar der det blir gitt omsorg om å opprette utval etter modell frå FAU i skuleverket.

– Utfordringa som pårørande innanfor eldreomsorga er at ein ikkje har ein stad å gå. Ein kan ta ein samtale med den næraste pleiaren, men der er ikkje system og rutinar for å ta slike vidare, seier ho.

Vatland er leiar for organisasjonen Pårørandealliansen og for Pårørandeaksjonen, som set omsorg for eldre og andre hjelpetrengande i fokus.

Ho er rysta over at pårørande mellom anna har opplevd at den pleietrengande mora fekk klipt av og fråkopla alarmsnora på ein sjukeheim i Vågsøy.

Pårørandeaksjonen meiner eit eige brukarutval vil kunne lette kvardagen for dei pårørande og gi betre tenester.

– Då kan saker bli teke opp med leiinga på ein profesjonell måte. Dei kan ein få ei formell stemme og sleppe å stikke hovudet fram åleine. Det er det mange som er redde for i dag.

Må sjå pårørande som ein ressurs

Pårørandeaksjonen ser føre seg ei gruppe representantar valt av dei pårørande, som kan ta saker opp med leiinga ved institusjonar eller i heimetenesta – ikkje ulike FAU-systemet ein har ved skular i dag.

– Kor viktig er det å få på plass ei slik ordning?

– Det er essensielt. Vi veit at 80 prosent av bebuarar kjem til å ha ein form for kognitiv svikt. Dei kan ikkje lenger snakke si eiga sak, og treng at andre tek saka for dei.

– Det er på tide at ein ser pårørande som ein ressurs, og ikkje brysame og masete, og blir latterleggjort, slik mange faktisk opplever i dag.

Vatland peiker på at ordninga fungerer i kommunar som har fått dette til, og at ei slik ordning heller ikkje er kostbar.

Illustrasjonsfoto

BRUKARUTVAL FOR PÅRØRANDE: Eit pårørandeutval for pårørande i eldreomsorga vil betre tenesta, meiner Pårørandeaksjonen. Illustrasjonsfoto.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Får støtte

Eldre- og omsorgsminister Åse Michaelsen støttar forslaget frå leiaren i Pårørandealliansen.

– Vi skal legge fram ein pårørandestrategi, der vil eit slikt forslag passe veldig godt inn, seier ho.

Skal pårørandefeltet få eit løft, må ein tenkje breitt, meiner statsråden.

– Vi må tenkje på utfordringane pårørande har i kvardagen. Då er det viktig at vi ikkje har pårørande som slit seg ut, som ikkje tør å seie frå fordi det kan slå tilbake på den enkelte.

Brit Lødøen er dotter til pasienten som fekk alarmsnora kopla frå ved Kulatoppen Omsorgssenter. Ho meiner ideen er god.

– Det kunne ha ei gruppe til å vende seg til og diskutere saka, kunne vore greitt, seier Lødøen.