Hopp til innhold

Slik fann Brit den avklipte alarmsnora til mora (91) på sjukeheimen

MÅLØY (NRK): Om natta kopla tilsette ved Kulatoppen Omsorgssenter frå alarmen til den då nesten 90 år gamle mora til Brit Lødøen. I staden fekk ho det dottera kallar ei falsk alarmsnor.

Alarmsnor

KOPLA FRÅ: Slik fann Brit Lødøen alarmsnora kopla frå på rommet til mora. I tillegg var der også det ho kallar ei falsk alarmsnor, som mora kunne få tak i.

Foto: PRIVAT

– Grunnen til at mor kom til ein slik stad, var jo nettopp at ho skulle vere trygg både natt og dag.

Det er snart to år sidan Brit Lødøen fekk mistanke om at ikkje alt var som det skulle hos mora, som framleis bur på Kulatoppen Omsorgssenter i Vågsøy. Fjordenes Tidende fortalde først historia til Lødøen.

Då ho besøkte mora ein ettermiddag, oppdaga ho at alarmsnora var fråkopla bakom plassen mora søv om natta.

– I tillegg var der kopla til ei falsk alarmsnor som eg reknar med dei gav henne i staden for den eigentlege alarmsnora som gjekk til alarmen i veggen.

Brit Lødøen

ETTERLYSER SVAR: Snart to år etter hendinga ved Kulatoppen Omsorgssenter, ønskjer Brit Lødøen framleis svar på omfanget av alarm-fråkoplinga.

Foto: Benedikte Grov / NRK

NRK har fått sjå bilete av snora Lødøen omtalar.

Sjokkert

Lødøen kontakta ettermiddagsvakta. Lødøen seier vedkomande blei sjokkert, og lova å gi beskjed vidare til nattevaktene om at dette ikkje måtte skje igjen. Då kvelden kom, fekk ikkje Lødøen ro og reiste tilbake til Kulatoppen.

Ho skildrar at ho måtte skunde seg for å nå inn på rommet samtidig som nattevakta. Der oppdaga Lødøen at alarmsnora igjen var fråkopla. Firdaposten omtala denne saka først.

– Eg fekk stadfesta mi verste frykt og blei skikkeleg sjokka. Eg visste at eg ikkje fekk sove då eg kom heim, så eg sette meg til og skreiv brev til Kulatoppen.

Hendinga skjedde eit knapt år etter at mora flytta dit. Alt i byrjinga av opphaldet, då på ei anna avdeling, tenkte Lødøen over at alarmsnora var klipt og blitt så kort at den var skøyta på med hyssingbitar. Ho trudde dette var gjort for å regulere kor stram snora skulle vere. «Eg veit ikkje kva eg skal gjere for å få hjelp på natta», skal mora ha sagt til henne.

– At den faktisk var fråkopla, var så grovt at det ikkje var i tankane mine.

Brit Lødøen

Fleire saker

Dei siste tre åra har Pasientombodet i Sogn og Fjordane fått inn 12 klager som omhandlar Kulatoppen Omsorgssenter.

I to av sakene har omsorgssenteret fått krass kritikk av Fylkeslegen i Sogn og Fjordane.

– Dei 12 sakene må sjåast i forhold til folketal, men vi såg i fjor at Kulatoppen var ein av to sjukeheimar i fylket som utmerka seg med mange klager, seier pasientombod Lisa Førde Refsnes.

– Sakene frå Kulatoppen har ein del fellestrekk. Fleire har sagt at dei opplever at tilsette på Kulatoppen har vore dårlege til å ta kritikk eller handtere tilbakemeldingar frå pasient og pårørande.

Refsnes forventar no ein betre kultur.

Etterlyser svar

Etter å ha meldt frå til leiinga ved Kulatoppen, fekk ikkje Brit Lødøen svara ho var ute etter. Etter kvart vende Lødøen seg til fylkeslegen og Pasientombodet.

I dag etterlyser ho framleis svar frå leiinga på omfanget av fråkoplinga, korleis dette har påverka mora og kva som er gjort for at dette ikkje skal skje på institusjonen igjen.

– Eg har bede om å få den fulle sanninga om kva som har skjedd. Det er det eg har ønskt heile vegen.

Brit Lødøen

Lødøen meiner fråkoplinga har påverka mora, som i utgangspunktet var engsteleg.

Har dette påverka tilliten din til Kulatoppen?

– Det har gjort at eg har lurt på kva som skjer på nettene. Det har ikkje påverka tilliten min til dei som er der på dagtid. Dei har eg eit godt forhold og full tillit til.

At saka har kome opp i media og sett fokus på det tilsette, forstår ho er trasig for dei.

– Dei aller fleste medarbeidarane er gode pleiarar, dei skal ikkje ta inn over seg det eit lite fåtal har gjort.

Brit Lødøen

Tek sjølvkritikk

Ein annan pårørande fann mannen medvitslaus, og fekk skulda for at viktige prøver ikkje blei tekne.

Kommunalsjef for helse og omsorg i Vågsøy kommune, Jeanette Jensen, fortel at ho har invitert Brit Lødøen til eit møte der både Jensen sjølv og leiinga ved Kulatoppen omsorgssenter vil vere med.

– Dersom det framleis er noko Lødøen lurer på, så vil vi gjere alt vi kan for å gje best mogleg svar. Det er forferdeleg beklageleg det som har skjedd. Det har vore omfattande svikt på fleire felt, seier Jensen.

Korleis kan det skje ringesnora til pasientar blir klipt av og at pårørande får skulda for manglande prøvetaking?

– Slikt skal ikkje skje. Vi har starta eit stort arbeid for å få betre rutinar og betre tenester. I tida som kjem vil forbetringsarbeidet vi har starta få sterk fokus.

Varaordførar Nils Myklebust (Sp) vil vere forsiktig med å kommentere saka før politikarane får meir informasjon. Det reknar han med å få i formannskapsmøtet denne veka.

– Her er pårørande som skal takast ivare, og tilsette som skal takast ivare. Vi må no prøve å behandle alle på ein god måte, kome oss vidare og bruke dette som ei læring.