Hopp til innhold

– Det er ein veldig kynisk bransje som med fullt overlegg bryt norsk lov

Nær 90 prosent av dei spurte meiner det er for mykje reklame for pengespel i Noreg. No må politikarane gjere noko med dette, meiner rusfeltets samarbeidsorgan, Actis.

Generalsekretær i Actis, Pernille Huseby

KREV HANDLING: Generalsekretær i Actis, Pernille Huseby, meiner at politikarane ikkje gjer nok for å hindre ulovleg spelreklame.

Foto: Lene Neverdal / Actis

– Tala stadfestar det vi alt veit om dei utanlandske spelselskapa, at det er ein veldig kynisk bransje som med fullt overlegg bryt norsk lov. Dei marknadsfører produkta sine på ein måte som råkar dei sårbare spelarane hardast, seier generalsekretær i Actis, Pernille Huseby, til NRK.

Ho syner til ei fersk undersøking som Norsk Tipping har gjort i Noreg, Sverige og Danmark. I alle tre landa meiner dei fleste at det er for mykje marknadsføring av spel. I Noreg er talet 87 prosent, Danmark 86, medan heile 96 prosent av svenskane tykkjer det er for mykje.

Forsking syner at det er over 120.000 nordmenn som har eit problemfylt forhold til pengespel.

I dag er det kun Pantelotteriet, Norsk Tipping og Norsk Rikstoto som har lov å drive marknadsføring av pengespel i Noreg. Dei brukar sjølv store pengar på marknadsføring, men dei heller har ikkje lov å reklamere direkte mot den enkelte kunden.

– Råkar sårbare

– Folk flest er veldig lei, men det som er vondt å sjå er at det er dei som er mest sårbare frå før som blir lokka utpå av denne reklamen. Så byrjar dei å spele ein stad der det ikkje er dei same ansvarsrammene rundt spelinga som det vi har hos dei norske aktørane, meiner Huseby.

Ho får støtte for sitt syn frå Lotteri- og stiftingstilsynet i Førde. Dei vil ikkje uttale seg i denne saka og syner til Kulturdepartementet, men på heimesida er dei tydelege i sitt syn.

– Dei utanlandske pengespelselskap og deira norske samarbeidspartnarar, nektar å følge det norske regelverket, skriv tilsynet.

TV-reklame for Betsson

MYKJE REKLAME: Eit stort fleirtal av all TV-reklame handlar om pengespel som er ulovleg å marknadsføre i Noreg.

Foto: Skjermdump av TV-reklame for Unibet

Skjuler kva næring dei driv

Dei skriv også at gamblingselskapa skjuler seg bak å drive ei anna næring enn pengespel.

– Slik omgår dei finansinstitusjonane og mediebransjen sine tekniske blokkeringar, som er sett for å stenge ute desse selskapa.

Eit fleirtal i Stortinget bad i fjor regjeringa kome med tiltak for å avgrense den ulovlege reklamen frå utanlandske spelselskap. Eit av forslaga som skal utgreiast er eit forbod for spelreklame for TV-kanalar som sender frå utlandet til Noreg.

– Så lenge vi har det forbodet, så må det handhevast sterkare. Eg føler at Stortinget har vore tydeleg på dette og at regjeringa jobbar med å levere, seier spelpolitisk talsperson i Høgre, Tage Pettersen.

– Mykje å gå på

Medietilsynet sine ferskaste tal frå august 2017 til juli 2018, syner at dei utanlandske selskapa brukte 99 prosent av sine tv-reklamekroner på kanalar som sender fra Storbritannia. I reine pengar: 771 millioner kroner brutto.

Pernille Huseby i Actis meiner at slike tal gjer at arbeidet med å handheve forbodet mot spelreklame må styrkast kraftig. At det er ein fånyttes kamp vil ho ikkje vere med på.

– Vi må berre ikkje gje opp kampen. Vi må ta i bruk alle verktøya, det gjer vi ikkje i dag, slår Huseby fast.