Hopp til innhold

Nederlandsk klubb jagar Isak Scheel

Stabæk, Lillestrøm og ein nederlandsk klubb ønskjer å sikre seg Isak Scheel si underskrift.

Isak Scheel

INTERESSANT FOR FLEIRE: Stabæk, Lillestrøm, ein nederlandsk klubb - og Sogndal - er ute etter å skrive kontrakt med Isak Scheel etter denne sesongen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sogndal-stoppar Isak Scheel har mange klubbar å velje mellom når kontrakten hans med Sogndal går ut ved årsskiftet.

– Avgjerda om kva klubb som blir arbeidsgjevaren hans i 2012 blir teken 30. oktober. Avgjerda blir offentleggjort 30. eller 31. oktober, skriv agenten til Isak Scheel, Pål Diskerud, i ein e-post til NRK.

Nederlendarar viser interesse

I tillegg til konkrete kontraktsforslag frå Sogndal og Lillestrøm, har Scheel sin moderklubb Stabæk teke til å vise interesse for den 20 år gamle midstopparen som har spelt fast for Sogndal denne sesongen.

På grunn av svært dårleg klubbøkonomi og uvisse framtidsutsikter har Stabæk ikkje lagt fram noko konkret bod på spelaren.

Sceel har derimot vore open på at ein retur til moderklubben alltid vil vere interessant for han.

Etter det NRK kjenner til har også ein nederlandsk klubb vist interesse. Det skal vera snakk om ein klubb eit stykke nede på rangstigen i nederlandsk fotball.

– Kan hende eg held fram i Sogndal

Scheel kom til Sogndal frå Stabæk våren 2010. Då hadde han også eit langt, men lite fruktbart treningsopphald i Hønefoss bak seg.

I Sogndal gjekk han ut og inn av laget som høgreback i 2010, før han etablerte seg fast som ein av tre midstopparar i 2011.

– Det er mykje som skjer og mange klubbar som blir nemnde. Eg veit ikkje kva som vil skje. Det kan også hende eg held fram i Sogndal, sa Scheel etter kampen mot Aalesund 11. september i år.

Er uansett sikra kompensasjon

Sjølv om Scheel si kontrakt med Sogndal går ut ved årsskiftet, sikrar fotballen sitt regelverk at klubben får ein mindre kompensasjon dersom Scheel går til ein annan klubb.

Utdanningskompensasjonen etter to år i Sogndal skal ligge mellom 150.000 og 200.000 kroner.