Hopp til innhold

Klar for nye utfordringar i Sogndal

Jonas Olsson vart tysdag ettermiddag presentert som Sogndal sin nye hovudtrenar. Han trur ikkje overgangen frå storklubben IFK Göteborg til Sogndal blir for stor.

Jonas Olsson Tor Arne Næss

PÅ FOSSHAUGANE: Jonas Olsson (t.v.) vart i ettermiddag presentert som ny Sogndal-trenar av styreleiar i Sogndal Fotball, Tor Arne Næss.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Han meiner at det blir ei utfordring å kome frå Sverige til Vestlandet, men han gler seg til å overta etter Harald Aabrekk frå årsskiftet.

– Eg tykkjer Sogndal er ein stor klubb, sjølv om den ligg i ei lita bygd. Det er ein klubb som er med i eliteserien i Norge og det er bra gjort. Dei har ein god tradisjon, seier Olsson til NRK.

– For min egen del så ser eg det som ei utfordring å kome til eit anna land. Eg har mykje å lære her, og vonaleg har eg noko eg kan lære frå meg som trenar til klubben og spelarane, sler Olsson fast.

God prosess

Prosessen med å finne ny trenar for Sogndal har pågått i lengre tid, og kom overraskande på mange at Sogndal valde å gå til Sverige for å hente trenar.

– Vi har hatt ein god prosess, og det har vore stor interesse - og det er kjekt, seier styreleiar Tor Arne Ness i Sogndal Fotball.

Utfordrande

For Olsson dreier det seg om at nye utfordringar vil stå i kø, etter fleire gode og ein tøff sistesesong i IFK Göteborg.

– Det er triveleg å vere her. Dette er ei veldig bra sportsleg utfordring for meg. Eg likar typen fotball Sogndal legg opp til, og at dei satsar på unge spelarar, sa Jonas Olsson under pressekonferansen på Fosshaugane tysdag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jonas Olsson

NY TRENAR: Jonas Olsson presentert som ny Sogndal-trenar. F.v. Styreleiar i Sogndal Fotball, Tor Arne Næss, Jonas Olsson og dagleg leiar i klubben, Egil B. Mundal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Godt inntrykk

41 år gamle Jonas Olsson, fekk som spelar møte nokre av dei beste laga i verda. Etter at han la opp som spelar var han først 2. divisjonsklubben Trollhättan, før han vart trenar i IFK. No ventar toppfotball mellom fjord og fjell i Sogn.

– Eg har fått eit veldig godt inntrykk av Sogndal, både laget og bygda. Eg likar det eg har sett så langt, og eg likar måten klubben jobbar på.