– Isak har vore som eit eventyr i Sogndal, seier Harald Aabrekk.
Sogndal-trenaren fekk sjå heimelaget spele 0-0 mot Aalesund, og var eigentleg godt nøgd med eitt poeng mot tabellnaboen.
- LES OGSÅ:
– Han er mellom dei aller beste
Etter kampen var Aabrekk over seg av begeistring for Isak Scheel. Midtstopparen berga det eine poeng med ei kjempetakling mot slutten av første omgang - då Aalesund berre hadde å setje ballen i mål.
Det skulle vise seg å vere den kanskje største sjansen i kampen.
– Isak er god i duellspelet, han har god fart og han er flink i posisjonsspelet. Han må utvikle seg offensivt, men eg meiner han på gode dagar er mellom dei beste midtstopparane i eliteserien, seier trenaren.
- LES OGSÅ:
Nøgd med utviklinga siste to åra
Isak Scheel kom til Sogndal frå moderklubben Stabæk framfor 2010-sesongen. Då fekk han ikkje plass i Stabæk sin A-stall, og valde i staden å prøve lykka på Vestlandet.
Det angrar han definitivt ikkje på no - to år seinare.
– Eg er veldig godt nøgd med at eg får så mykje speletid. Det er berre den andre sesongen min, og eg er godt nøgd med mi eiga utvikling, seier Scheel.
(Artikkelen held fram under biletet)
INNSATS: Det vart mykje knall og fall, og mange tette duellar på det sleipe underlaget på Fosshaugane.
Foto: Rune Fossum / NRKKunne ha blitt matchvinnar
Men: 21-åringen sin kontrakt går ut etter denne sesongen, og det er førebels uvisst om Scheel held fram eller reiser frå Sogndal.
– Eg tenkjer ikkje så mykje på det. Eg har tilbod frå Sogndal og nokre andre klubbar, men tenkjer mest på at vi skal klare oss i eliteserien, seier han.
NRK veit at Scheel er ønskt av Lillestrøm. Austlendingane var blant klubbane som ville ha 21-åringen før overgangsvindauget stengde, men det kom aldri så langt som til at eit bod kom på bordet.
- Isak er ettertrakta i mange klubbar, og kontrakten hans går ut no. Vi er i dialog, men har ikkje komme i hamn, seier sportsleg leiar Trond Fylling.
- LES OGSÅ:
Skapte lite i 80 minutt
Sjølv var Scheel svært viktig for det eine poeng mot Aalesund. Og han kunne fort ha blitt matchvinnar på ein corner heilt mot slutten.
– Nei, det var ikkje langt ifrå scoring. Eg byrjar å bli litt irritert no - eg vil gjerne score snart, seier Scheel.
Også midtstopparen er nøgt med eitt poeng. Han meiner kampen mot Aalesund var ein typisk 0-0-kamp.
- LES OGSÅ:
For det var to lag som ikkje greidde å skape veldig mange sjansar på det sleipe underlaget på Fosshaugane. Dei to laga hadde i realiteten berre ein skikkeleg sjanse kvar då det stod att ti minutt - men då eksploderte kampen, og Sogndal kunne fort ha avgjort med ei sein scoring.
STOD PÅ: Mats Solheim leverte som vanleg ein solid kamp på backen.
Foto: Rune Fossum / NRK