Hopp til innhold

Naudløysing vart kunstnarheim

I år er det 100 år sidan kunstnaren Nikolai Astrup kjøpte eit lite og bratt småbruk på Sandalstrand i Jølster, det som i dag er kjent som Astruptunet.

Astruptunet

100 ÅR SOM ASTRUPTUN: I september er det 100 år sidan Nikolai Astrup kjøpte bruket på Sandalstrand.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Avdelingsleiar Solveig Berg Lofnes i Sogn og Fjordane Kunstmuseum fortel at Astrup i utgangspunktet ikkje kjøpte småbruket på sørsida av Jølstravatnet for å bu der, men for å ha ein jordlapp å dyrke.

Nikolai Astrup (sjølvportrett)

SJØLVPORTRETT: Nikolai Astrup.

– Han flytta frå Ålhus til Myklebust i 1911, og alt i 1912 var han i ferd med å kjøpe på Sandalstrand. Det oppstod visse problem med skøyta han hadde på Myklebust, han hadde berre hustomta og ikkje noko jord å dyrke.

I boka "Gartneren under regnbuen" skriv forfattaren Øystein Loge at mange som vitjar Astruptunet i dag sikkert undrar seg over at ein av dei mest kjende kunstnarane i Norge valde akkurat den tomta som heimen sin.

Ikkje førstevalet hans

For det er så bratt der at Astrup måtte gå i gang med å byggje terrassar i terrenget for i det heile å få dyrka noko der, i tillegg er det nordvendt og solfattig. Og historia fortel at dette slett ikkje var førstevalet til Nikolai Astrup .

For det var på Ålhus han helst ville bu. Der voks han opp i prestegarden, og der prøvde han å få seg ein stad der han kunne bu med familien sin, dyrke jord og utøve kunsten sin. Men det var lettare sagt enn gjort. Difor kjøpte han i 1911 ei tomt på Myklebust på sørsida av Jølstravatnet og bygde seg eit hus der.

(Artikkelen held fram under biletet).

Astruptunet (nedefrå)

HENGEBRATT: Bruket var ikkje mellom dei mest lettdrivne, sjølv i vestlandsmålestokk.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

«Jaget av misundelige bygdefolk»

I eit seinare brev til Hans E. Kinck skriv Astrup:

Jeg begynder virkelig nu at faa et hjem endelig efter i aarevis at være jaget fra sted til sted her i bygden; først fra prestegaarden, hvor jeg havde faaet leiet en pagterbolig, som stod ubrugt, og da vi blev jaget fra den af misundelige bygdefolk, boede vi i eit lidet «privathus» som far eide - der frøs vi næsten ihjæl om vinteren, vi havde vort første barn dengang, saa vi kunde ikke bo der i længden; saa flyttede vi til vort første lille hus paa Myklebust, en liden hytte, hvor jeg næsten kunde favne fra væg til væg - saa fik jeg kjøbe tomt og et stykke jord der paa Myklebust, - og jeg byggede en liden koselig villa og et ateliere; - det var smaat, - «men det var nu alligevel mit».

«Jeg orkede ikke bo på dette sted»

Men gleda over eige hus vart kortvarig. Astrup kom i konflikt med bonden, som ifylgje kunstnaren gjerne ville ha huset hans som kårhus, og nokon jordlapp til å dyrke vart det ikkje. Dermed tok Astrup til å sjå seg om etter alternativ. I brevet til Knick skriv han:

Jeg gikk et aar og ærgrede mig og blev formelig syg af alt dette, - jeg orkede ikke at bo paa dette sted, og jeg svor, at saa snart der blev et ledigt stykke jord et steds i bygden, skulde jeg kjøbe, om der var aldrig saa utriveligt.

Hengebratt bruk

Og særleg triveleg var det ikkje den første tida på dei 30 måla med hengebratt grunn på Sandalstrand. Husa var dårlege, og dei måtte byggje veg opp til husa, og så gjekk dei i gang med å lage terrassar for i det heile å få til å dyrke noko, fortel avdelingsleiar Solveig Berg Lofnes i Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

(Artikkelen held fram under biletet).

Solveig Berg Lofnes

- UFATTELEG ARBEID: Avdelingsleiar Solveig Berg Lofnes i Sogn og Fjordane Kunstmuseum er imponert over arbeidet Astrup la ned, ikkje berre som kunstnar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Var sin eigen herre

Og det gjekk ei stund før dei flytta til det som no er Astruptunet. Først i 1914 var det leveleg for den raskt veksande familien. Og atelieret kunne ikkje Nikolai Astrup ta i bruk før i 1924, berre fire år før han døydde. I mellomtida brukte han atelieret han hadde bygt på Myklebust.

Men Solveig Berg Lofnes er ikkje i tvil om at bruket på Sandalstrand har hatt mykje å seie for Astrup og for kunsten hans.

– Det at han eigde dette sjølv og ikkje trengde å gå i rette med nokon og var sin eigen herre hadde mykje å seie for han. Og det at han kunne forme landskapet han skulle måle betydde også mykje.

Øystein Loge meiner tida på sørsida av Jølstravatnet var med å forme kunsten til Nikolai Astrup så ein slik måte at han vart ein av dei mest «norske» kunstnarane.

(Artikkelen held fram under biletet).

Astruptunet

GRØNT: Astruptunet ber preg av Astrup hadde 'grøne hender'.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Gartnaren Astrup

I tillegg til alt Astrup måla i sitt 48-årige liv ligg og Astruptunet att som eit prov på ein kreativ og arbeidssam mann. For det er ikkje tilfeldig at boka til Øystein Loge om Astrup har tittelen «Gartneren under regnbuen», fortel Solveig Berg Lofnes.

– Han hadde ei enorm interesse for plantar. Det ser vi i måleria hans og, og sitat tyder på at det var svært viktig for han å ha rette blomstrane mot rette bakgrunnen når han skulle måle. Han var oppteken av at soleiene forsvann når bøndene dyrka jorda, og ville sjølv dyrke soleier mot den rette bakgrunnen.

– Etter kvart laga han ein stor eplehage med 200 epletre, han hadde ti ulike sortar rabarbra, nokon av dei til mat og vin, andre til pryd, bærbusker i ulike variantar hadde han. I det heile vart det eit veldig stort prosjekt.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum har ikkje planar om den heilt store markeringa av at det er 100 år sidan Nikolai Astrup kjøpte Astruptunet.

– Men ei lita markering blir det kanskje i september, den store markeringa får vi ta i 2014, då er det 100 år sidan Astrup-familien flytta inn.

(Artikkelen held fram under biletet).

Utsyn over Jølstravatnet frå Astruptunet

UTSYNET FRÅ SANDALSTRAND: Dette utsynet mot nordsida av Jølstravatnet var med på å gje kunstnaren inspirasjon.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Planar om Astrupsenter

For nokre år sidan var det planar om å byggje eit Astrupsenter i tilknyting til Astruptunet. Men desse planane vart skrinlagde i 2009 etter at Sogn og Fjordane fylkeskommune og Riksantikvaren sette foten ned. Det vart og lansert planar om å byggje eit senter andre stader i Jølster, men dette sa kommunestyret nei til.