Nikolai Astrup

Nikolai Astrup

Nikolai Astrup

Nikolai Astrup var ein av dei største kunstnarane i Noreg tidleg på 1900-talet. Fleire av bileta hans er selde på auksjonar for kring fire millionar kroner.

Nikolai Astrup (1880–1928) er fødd i prestegarden i Kalvåg, Bremanger, men flytta tre år gamal til Jølster då faren Christian Astrup vart sokneprest der. Nikolai voks opp i prestegarden på Ålhus, der eitt av dei gamle husa framleis står, og der minnesteinen over Nikolai Astrup er reist. Embetsmanns-slekta Astrup stammar frå Ribe i Sørvest-Jylland.

Dei første åra

Nikolai Astrup er ein av dei største kunstnarane i Noreg frå tida kring 1900. Han studerte målarkunst under Harriet Backer 1899-1901, og hos Christian Krogh i Paris i 1902.

Astruphuset på prestegarden på Ålhus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Astruphuset på prestegarden på Ålhus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Astrup debuterte i 1905, og frå same år var han bufast i Jølster. Prestefaren Christian hadde sett seg sterkt imot at sonen skulle bli kunstnar. Han såg helst at sonen vart prest. Då Nikolai kom heim budde han ei tid i prestegarden. Men faren hindra at han fekk kjøpt det ledige huset der. Nikolai prøvde så å kjøpe ein annan eigedom på Ålhus, men faren forhindra også dette. Frå 1909 til 1912 budde Astrup med familien i eit lite tun på Myklebust på sørsida av Jølstravatnet. Denne stova selde han seinare til venen Per Kramer frå Bergen, som flytta den og bygde den opp att nord for grenda Sandal. Der står huset framleis, brukt som hytte. Kramer vart seinare å rekne som ein mesén for Astrup.

Astruptunet. Foto: NRK

Astruptunet. Foto: NRK

Astruptunet

I 1912 kjøpte Astrup det brattlendte småbruket på Sandalstrand som seinare er kalla Astruptunet. Her bygde han ateliér, og rydda jorda i terrassar der han m.a. planta eksotiske blomar og plantar.

Giftarmål

I 1907 gifta Astrup seg med Engel Sunde (sjå Engel Astrup), som då ikkje var fylt 16 år. Han hadde møtt henne då han måla på garden Sunde ved Kjøsnesfjorden året før. Engel vart seinare brukt som modell i fleire kjende måleri frå prestegardshagen på Ålhus og frå Sandalstrand.

Soleinatt - handkolorert fargetresnitt av Nikolai Astrup. © Blomqvist Kunsthandel.

Soleinatt - handkolorert fargetresnitt av Nikolai Astrup. © Blomqvist Kunsthandel.

Bileta til Nikolai Astrup

Det var i heimbygdene Nikolai Astrup fann motiv og inspirasjon til sine naivistiske, men sterkt ekspressive bilete.

Astrupelevane

Astrup var m.a. god ven av biletkunstnaren Bernt Tunold som let seg inspirere av meisteren frå Jølster. Astrup tok også nokre få elevar som han underviste i målarkunst på Sandalstrand. Dette var m.a. Toralv Flatjord og Elias Eide frå Jølster, Malfinn Berqvam frå Førde og Johan Indrekvam frå Naustdal. Desse har sidan vorte nemnde som ”Astrup-elevane”.

Tresnittet Befringstøylene av Nikolai Astrup. Auksjonshuset Johan Albert Mohn.

Tresnittet Befringstøylene av Nikolai Astrup. Auksjonshuset Johan Albert Mohn.

Plaga av sjukdom

Astrup misbrukte i lange periodar alkohol. Han hadde hatt tuberkulose, og lei heile sitt vaksne liv av astma. Under eit opphald hos venen dr. Bydal i Førde i 1928 døydde Nikolai Astrup.

Museum og planar om "Astrup-senter"

Astruptunet på Sandalstrand er i dag museum, og her vart det på 1980-talet bygt eit eldfast biletgalleri, godt kamuflert i den gjenskapte fjøsbygningen. Det vart i fleire år arbeidd med endå eit nytt ”Astrup-senter” som var tenkt reist like ved Astruptunet på Sanddalstrand, men i 2009 vart planane skrinlagde fordi både Riksantikvaren og Sogn og Fjordane fylkeskommune gjekk mot planane. Jølster kommunestyre sa og nei til planar om å byggje eit ”Astrup-senter” ein annan stad i kommunen.

Astruptunet med det eldfaste bygget til høgre. Foto: NRK.

Astruptunet med det eldfaste bygget til høgre. Foto: NRK.

Brynildsen-samling

Astrup er representert i dei største galleria i Norden, og i 1995 kunne skipsreiar Jon Chr. Brynildsen vise fram ei unik samling Astrup-kunst, der fleire av hovudverka er med. Dei 1.100 arbeida i samlinga er samansett av 55 måleri, 94 tresnitt, 52 andre papirarbeid og 900 barne- og ungdomsteikningar.

I 2006 overdrog Brynildsen den store Astrup-samlinga si til Sparebankstiftelsen DnB NOR for ein ukjend sum. Eit vilkår for handelen var at samlinga ikkje skulle delast opp, men forvaltast av Bergen Kunstmuséum. Kvart år får m.a. Astruptunet låne bilete frå denne samlinga.

I 1980 gav Posten ut eit frimerke med ”Jonsokbål” av Astrup som motiv. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I 1980 gav Posten ut eit frimerke med ”Jonsokbål” av Astrup som motiv. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.