Hopp til innhold

Jølster seier nei til Astrup

Kommunestyret vil ikkje ha Astrup-senter nokon stad i kommunen.

Nybygget ved Astruptunet frå aust

Slik hadde arkitektane sett føre seg eit senter ved Astrup-tunet.

Foto: Illustrasjon: Ly arkitekter

- Ein del av innspela vi har fått har berre kome gjennom media og ikkje-formaliserte tilskriv til kommunen slik at i alle tilfelle må dette reisast med ei ny sak, men det var ikkje ytra noko i kommunestyret om at ein skulle gå vidare andre stader, seier ordførar Gerd Dvergsdal.

Les og: Astrup får ikkje besøkssenter

Les og: Ap vil ha ny debatt om Astrupsenter

Les og: Kulturen vil ha Astrup til Ålhus

Nei til Kjøsnes og Ålhus

At kommunestyret skrinla planene om besøkssenter på Astruptunet etter at Riksantikvaren gjekk imot, var venta og var samrøystes tilrådd frå formannskap og hovudutval. Men i sjølve kommunestyremøtet fekk Senterpartiet fleirtal for eit tillegg som sa nei til å starte opp med planer om astrupsenter andre stader i kommmunen.

Jobbar vidare med Ålhus

Jøran Ålhus som har vore talsmann for å legge senteret til Ålhus er skuffa men ikkje overraska. Han peikar likevel på at det var åtte i kommunestyret som ikkje ville vere med på tillegget, så han vil jobbe vidare med Ålhus-alternativet.

- Ja, eg kjem til å ta eit initiativ og få med meg ein del gode krefters om er flinke til dette med gehør for det.

- Men det nyttar kanskje ikkje å kome med noko nytt med ein gong?

- Nei, eg trur vi skal setje oss ned og tenke nøye gjennom det, seier Jøran Ålhus.