NRK Meny
Normal

Nærare storkommune i Sunnfjord

Arbeidet med kommunesamanslåing i Sunnfjord går i ekspressfart! I dag var ni kommunar samla til felles formannskapsmøte i Førde, og ideen om ein storkommune i regionen tok nok eit steg nærare realisering.

Felles formannskapsmøte

LANGT STEG NÆRARE: Ni kommunar disktuerer samanslåing.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

– Det verka som det var ein ekte og god entusiasme for å gå vidare, seier Leiar i styringsgruppa for Kommunereforma i Sunnfjord, gaularordførar Mathias Råheim.

Formannskapa i Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Gaular, Jølster, Førde, Naustdal, Flora og Gloppen vart samde om å gå vidare i prosessen som skal ende opp i signering av intensjonsavtale i juni, og endeleg avtale innan 1. juli neste år.

– No er det om å gjere at vi får entusiasmen til å smitte over på kommune- og bystyrepolitikarane, og til slutt innbyggarane når vi skal ta den endelege avgjerda.

Knapp tid

Regjeringa vil ha færre og større kommunar, og i heile Kommune-Noreg sit ein no og diskuterer kven ein skal slå seg saman med. I Sunnfjord er det altså mi kommunar som skal bli samde. Men tida er knapp, for alt i juni skal kommunestyra i dei ni kommunane ta stilling til kva alternativ dei ønskjer å gå vidare med.

Mathias Råheim

OPTIMIST: Leiar i styringsgruppa for Kommunereforma i Sunnfjord, gaularordførar Mathias Råheim (H).

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Akkurat no meiner eg at sjansen er blitt mykje større, hadde du spurt meg for to månadar sidan ville eg sagt AT sjansen var minimal. No skal eg ikkje seie det blir slik til slutt, men sjansen er i alle fall større, seier Råheim.

Floraordførar Bengt Solheim-Olsen hadde mange friarar på det felles formannskapsmøtet.

– Det er jo veldig kjekt. Kommunereforma kjem jo som kasta over oss, men det opplegget vi har fått i gang i regi av Samarbeidsforum I Sunnfjord (SIS) det har vore svært bra. Her er det ein svært god tone mellom kommunane, seier Solheim-Olsen.

Tar ansvar

Flora sit på mange måtar med nøkkelen når ni kommunar eventuelt skal bli til ein. Under det felles formannskapsmøtet fredag var det fleire SOM uttalte at utan Flora var alternativa få.

– Og vi er klarE til å ta ansvar for regionen og for Sunnfjord. Det er visjonen her, som formannskapet i Flora har sett på som viktig, det å skape eit vekstområdet mellom Bergen og Ålesund, seier Solheim-Olsen.

Professor Jørn Rattsø tok tidlegare i veka til orde for ei samanslåing med Førde og Flora som ein todelt by , ein tanke som Solheim-Olsen ikkje er avvisande til.

– Det er ikkje urealistisk, og det arbeidet som kommunane no ser ut til å slutte seg til er å sjå nærare på kva moglegheiter dette vil gi regionen.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.