Nedbørsmengdene er usikre, men prognosane gjer at NVE allereie i dag sender ut gult varsel om jord- og flaumskredfare for desse regionane.
Varselet gjeld frå søndag morgon til natt til tysdag.
– Vi ser no nedbørsmengder opp mot 60 millimeter på 24 timar, seier vakthavande hydrolog Ann-Live Øye Leine hos jordskredvarslinga til NVE.
– Snøgrensa er joker
Ifølgje varselet er vêrsituasjonen følsam for temperaturen, som avgjer om nedbøren kjem i form av regn eller snø.
Varselet gjeld berre for område som får nedbør i form av regn. Etter ein lengre periode med mykje nedbør er det allereie mykje vatn i bakken.
– Jokeren er snøgrensa. Kjem nedbøren som snø, så vil faren definitivt minke, seier Leine.
– Gult varsel er det lågaste varslingsnivået, men mykje kan skje på to dagar. Varselet kan bli både utvida og nedgradert, legg ho til.
Storflaum sist helg
Hydrologen presiserer at dei venta nedbørsmengdene som er i vente, på ingen måte kan samanliknast med tilstandane sist helg. Då vart både Skjåk og Luster hardt råka av flaum. I alt vart godt over 100 personar evakuerte. Til alt hell gjekk ingen liv tapt, men flaumane gjorde enorme skader.
Når høvesvis store nedbørsmengder igjen ser ut til å treffe flaumråka område, ber NVE folk vere varsame.
– Spesielt på dei stadane som fekk erosjonsskadar førre helg. Der bør ein passe ekstra godt på, seier Leine og har følgjande oppmoding til alle.
– Pass på at det ikkje ligg noko å sperrar for at vatnet får drenere fritt ut.