Har fått inn 300 skademeldingar etter flaumen

If blei tatt på senga av den kraftige flaumen, og trur skadane kjem på fleire titals millionar kroner. Forsikringsselskapa ventar endå fleire skademeldingar når dei evakuerte får flytte heim.

Sandvinsvatnet flaum

DEKKA AV VATN: Slik såg Sandvinsvatnet i Odda ut etter flaumen i helga. Markene til venstre blei dekka av vatn, og fleire hus var nære ved å få vassinntrenging.

Foto: Arvid Aga

Tysdag føremiddag har forsikringsselskapa oppdaterte tal frå øydeleggingane etter flaumen i Oppland, Sogn og Fjordane og Hordaland i helga.

Gjensidige har fått inn over 100 skademeldingar relatert til flaum. I tillegg melder selskapet om rundt 60 meldingar om nedbørsskadar etter det kraftige regnet.

– Dei aller fleste skadane skuldast vatn som har trengt inn i bygningar og kjellarar. Dessutan har vi fått melding om nokre få bilar som har fått problem i vassmassane, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

Om lag halvparten av skademeldingane til Gjensidige har kome frå Skjåk.

Skjåk er råka av flaum, sjå luftbileta frå områda rundt Ofossen.

Skjåk vart råka av flaum, sjå luftbileta frå områda rundt Ofossen.

Dei andre store forsikringsselskapa NRK har snakka med, har også fått titals skademeldingar kvar:

  • If har fått inn rundt 50 skademeldingar, dei aller fleste frå Skjåk.
  • Frende Forsikring har fått inn mellom 60 og 70 skademeldingar, dei fleste frå Bergen, Sandnes og Stavanger.
  • Sparebank 1 Forsikring har fått førebels registrert 20 skader knytt til flaumen, særleg frå Gudbrandsdalen.
  • Tryg Forsikring melder om 62 skader i Hordaland og Gudbrandsdalen, på både hus, bilar, fritidsbåtar og næringsbygg.

Finans Noreg og Norsk Naturskadepool bereknar at det til saman er meldt inn rundt 500 skader for totalt 100 millionar kroner, men dette er foreløpige anslag, skriv Finans Noreg på sine nettsider.

Flom i Skjåk

FLAUM: Skjåk blei spesielt hardt råka av dei store vassmengdene, noko som overraska forsikringsselskapa.

Foto: Politiet

«Vårflaum» i oktober

Sjølv om ein på Vestlandet er vand med haustflaum, blei kombinasjonen av temperaturauke, rask snøsmelting og kraftig regn heftigare enn ein «vanleg» haustflaum.

Det overraska også forsikringsselskapa.

– Vi kallar det ein «vårflaum» på hausten. At snøen smelta så raskt, overraska både oss og folk. Det blei dramatisk, rett og slett, seier Sigmund Clementz, informasjonssjef i If.

Han meiner det er alt for tidleg å spekulere i kostnader, men at det er snakk om fleire titals millionar, er ikkje If i tvil om.

At eit område som Skjåk, som er ein av dei tørraste i landet, også blei råka, trur If vil gje ekstra høge kostnader.

– Dei som bur på Vestlandet er vand med haustflaum, men det er sjeldan at område som Skjåk opplever denne typen vassføring. Det kom veldig brått på, seier Clementz.

Flom i Skjåk

SKADEMELDINGAR: Forsikringsselskapa har fått inn flest meldingar om vassinntrenging i hus, men fleire bilar har også blitt fanga i flaumen.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Kunne gått verre

Nokre stader gjekk det likevel betre enn frykta. På Voss stoppa Vangsvatnet å stige før skadane blei store.

Berre Voss camping måtte evakuerast.

– Vi håpa at vatnet skulle snu i tide. Og det skjedde vel i grevens tid denne gongen, sa ein letta ordførar på Voss, Hans-Erik Ringkjøb, måndag.

Ødeleggelser flom Voss camping Vangsvatnet

UNDER VATN: Voss camping måtte evakuere då vatnet steig, men skadane skal ikkje vere store.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Når vatnet trekk seg tilbake, startar oppryddingsarbeidet for både huseigarar og selskapa. Flaumen i helga kjem på toppen av skader frå fleire omgangar med kraftig nedbør tidlegare i haust.

– Vi har hatt mange naturskadar på veldig kort tid i haust. Det er uvanleg med så mange skader i løpet av berre litt over ein månad, seier kommunikasjonssjef i Tryg, Ole Irgens.

Alle forsikringsselskapa reknar dessutan med å få inn fleire skademeldingar dei komande dagane, når dei evakuerte returnerer til heimane sine.