Har reinska Lustrafjorden for fleire hundre tonn

– Ein gjer seg nokre tankar når ein finn restar av leiker og det som kan ha vore leikehus eller uthus. Det er trass alt nokon som har mista det.

Kaptein Bernt Arild Male på «OV Utvær».

INNTRYKK: – Vi har teke opp alvorlege mengder. Det må vere ganske rasert lenger oppe i bygda, seier kaptein Bernt Arild Male frå Hustad i Romsdal. Sidan er Lustrafjorden rydda for fleire hundre tonn drivgods etter flaumen i helga.

Foto: Artur do Carmo / NRK

Bernt Arild Male er på sitt første ryddetokt som kaptein med på «OV Utvær». Lustrafjorden er full av drivgods etter flaumen. Og det er ikkje berre vasstrekt trevirke dei plukkar opp.

– Søppel, tak og vegger frå små uthus, elektriske komponentar og utelamper. Det ligg eigentleg alt mogleg i drivgodset, seier romsdalingen.

Fleire hundre tonn

Sidan måndag har kystvaktskipet «KV Bergen», og Kystverkets «Utvær», «Storholmen» og «Slåtterøy» rydda fleire hundre tonn drivgods i Lustrafjorden.

Arbeidet med å rydda opp etter flaumen i Luster sist helg er godt i gang. Vassmassane tok blant anna med seg store mengder skog som no ligg i Lustrafjorden. Denne veka har mannskap frå Kystverket henta opp fleire tonn med tre og anna avfall.

SJÅ TV-SAK: Arbeidet med å rydda opp etter flaumen i Luster sist helg er godt i gang.

Flaumstore elvar røska med seg skog, jordbruksareal og kring 500 rundballar. Til alt hell gjekk ingen liv tapt. Kring 30 vart evakuerte. Like mange isolerte.

Kystverket og Kystvaktskipet Bergen har rydda i Lustrafjorden etter flaumen i helga.

SJÅ VIDEO: Kystverket og Kystvaktskipet Bergen har rydda i Lustrafjorden etter flaumen i helga. (FOTO: KYSTVERKET)

Skadane er enorme. Mykje av det som manglar i dalføra Mørkridsdalen og Fortunsdalen i dag, er å finne i Lustrafjorden eller i Eidsvatnet.

– Det var kaotisk då vi kom. Det såg ikkje greitt ut i det heile på fjorden, seier Male.

Tre med heile røter

Dei største trea er på nær 30 meter. Med greiner og røter veg dei vasstrekte trea fort to-tre tonn.

Rundballar ligg slengt langs vegen i Mørkridsdalen.

RUNDBALLAR: Mange rundballar forsvann med elvane i helga. Desse vart liggande att kloss i vegen til Mørkridsdalen.

Foto: TERJE ANTON GUDMUNDSSON

– Det må motorsag til. Med greiner og slikt blir det krevjande arbeidet for dei som jobbar frå ein liten gummibåt, seier senioringeniør Bjørn Ronny Frost i Kystverket.

– Har det funne mange rundballar?

– Nei, dei er nok spreidde på jorde og i skogen, men ein del har nok løyst seg opp på veg mot fjorden.

Vil sjå drivgods i lang tid

Medan «Utvær» gjer sitt arbeid litt lenger ute i fjorden, er «Storholmen» og «Slåtterøy» i sving utanfor Skjolden.

Opprydding på Lustrafjorden

SJÅ BILETA: I utgangspunktet skal Kystverket rydde til og med fredag. Då blir det avgjort om dei skal halde fram arbeidet.

Foto: Artur do Carmo / NRK

– Det er uråd å få opp alt, seier Frost og trur bebuarane langs fjorden vil sjå spor frå flaumen i lang tid framover.

– Framleis ligg det mykje i Eidsvatnet og langs strendene, som kan komme litt etter litt. Forhåpentlegvis er det ikkje så stort at det blir til fare for båttrafikken, seier Frost.

Det som til no er plukka opp blir levert på kaien i Skjolden og køyrt vekk fortløpande av Norsk Gjenvinning.

Blir ikkje som før

Ivar Kvalen

LANG TID: Ordførar Ivar Kvalen trur det vil ta lang tid før spora etter flaumen er rydda bort. – Berre det å rydde i skog, drivgods og masse som elva tok med seg blir eit formidabelt arbeid. Store område dyrka mark er skylt vekk, og det ligg berre stein att, seier han.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Ordførar Ivar Kvalen (Sp) klar på at det også ventar eit formidabelt og langvarig arbeid på land etter flaumen.

– Nokre område trur eg ikkje vi klarer å skape att det som ein gang var. Landskapet har rett og slett endra seg på fleire område i begge dalane, seier han.

– Det blir eit formidabelt arbeid berre det å rydde i skog, drivgods og massane som elvene tok med seg. Store område med dyrka mark er skylt vekk, og det ligg berre stein att, avsluttar Kvalen.