Hopp til innhold

Møttest til debatt etter at Fjord1-salet vart stogga

Hilmar Høl og Arbeidarpartiet er sterkt kritiske til prosessen som førte fram mot at fylket bestemte seg for å selje aksjane i Fjord1 til Torghatten.

Hilmar Høl og Sigrud Reksnes

DEBATT: Fylkesleiar i Senterpartiet, Sigurd Reksnes (t.h.) og fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Hilmar Høl (t.v.)

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen/ / NRK

Torsdag vart det klart Konkurransetilsynet stoggar det planlagde salet av fylkeskommunen sine aksjar Fjord1 til Torghatten.

– Vi er ført bak lyset, seier Høl.

Han meiner fylkeskommunen sine rådgjevarar har gjort ein dårleg jobb i å leggje til rette salet av Fjord

– Når Hilmar Høl kritiserer prosessen som gjekk over to år, så er det faktisk slik at Arbeidarpartiet sat med Fylkesordføraren i dei to åra. Då tykkjer eg det er merkeleg at dei no feller ein så hard dom over ein prosess som dei sjølve hadde styringa med, seier fylkesleiar i Senterpartiet, Sigurd Reksnes.

– Eg stilte spørsmål i fylkestinget den gong om kvifor dei (rådgjevarane) trudde Konkurranstilsynet ville godkjenne eit sal til Torghatten, når dei ikkje vil godkjenne eit sal til Norled. Det fekk eg aldri svar på.

Hilmar Høl

Hilmar Høl, dersom de var så kritisk til heile denne prosessen, kvifor stogga de ikkje den medan de sjølve hadde fylkesordføraren?

– Hadde det berre vore så enkelt. Eg må minne Sigurd Reksnes om at Arbeidarpartiet sine to representantar var i mot denne prosessen, men som fylkesordførar måtte Åshild Kjelsnes ta ansvaret for det som fleirtalet i fylkesutvalet gjer, seier Høl.

– Men når de hadde fylkesordføraren, så hadde det moglegheit til å påverke prosessen. Dersom de var så misnøgde, kunne de ikkje då gjort grep for å styre prosessen betre?

– Det verkar på meg som Arbeiderpartiet er meir opptekne av å drive eit politisk spe, l enn å ta ansvar i ei sak som har vore vanskeleg både for fleirtalet og mindretalet.

Sigurd Reksnes

– Dette låg i hendene på fylkesutvalet. Der var det sju som ville selje og to som var i mot. Og det er fleirtalet som bestemmer korleis prosessen skal gå, seier Høl.

Sigurd Reksnes, det er jo fleirtalet, som du er ein del av, som har pressa Arbeidarpartiet til å gjere dette?

– Dette vert ein debatt om historia. I fylkestinget var det to alternativ som vart stilt opp mot kvarandre, begge innebar sal. Også Arbeidarpartiet røysta for eit alternativ som innebar sal av Fjord1, seier Reksnes

Inge Ekker Bartnes i advokatfirmaet Wiersholm ønskjer ikkje å kommentere kritikken.

Konkurransetilsynet nekta i dag Sogn og Fjordane fylkeskommune å selja selskapet til Torghatten, fordi det nye selskapet ville blitt for stort og fått for mykje makt.