Hopp til innhold

– Legg tilrådinga i skuffen og lytt til oss på grasrota. Styrk heller det lokale politiet

– Eg håpar han lyttar til oss og styrkjer politiet lokalt så vi får gjort jobben vi skal for innbyggjarane, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen. Men politidirektør Odd Reidar Humlegård verka urokkeleg etter dagens møte.

Møte med politidirektør Odd Reidar Humlegård i Sogn.

LYTTA: Lokalt politi orienterte onsdag politidirektør Odd Reidar Humlegård om arbeidet med krevjande hendingar siste månadane. – Eg opplever han som søkjande, og oppteken av å finne praktiske og gode lokale løysingar i høve til korleis vi skal organisere politiet i framtida i Distrikts-Noreg, seier tidlegare regionlensmann i Sogn, Åge Løseth.

Foto: Steinar Lote / NRK

Politidirektøren tilrår å kutte redusere dagens 27 politidistrikt til seks, og redusere tal lensmannskontor frå 254 til 203.

I dag møtte Odd Reidar Humlegård grasrota, i form av Årdal som siste månadane har hatt sitt fulle hyre med både storbrann i Lærdal og trippeldrapet i Årdal.

– Både Holsbru og Lærdalsbrannen viser begge etter mi oppfatning heilt klart behovet for lokalt å vere til stades. Det å raskt kunne komme til staden og det verkeleg er alvorleg er avgjerande viktig. Den første timen, den første innsatsfasen er heilt avgjerande for både å berge liv i verste fall og store verdiar, seier tidlegare regionlensmann i Sogn, Åge Løseth.

– For store vaktordningar

Som bakteppe for møtet i dag ligg den såkalla politianalysen. Måndag var leiar i justiskomiteen Hadja Tajik i Florø for å få synspunkt på analysen som er gjort, og som politikarane venta å ta stilling til i vår.

I Årdal snakka Humlegård og lokalt politi om erfaringane dei har gjort seg etter dei to dramatiske hendingane på Holsbru og i Lærdal. Ved trippeldrapet kom politiet fram etter både ambulanse og brannkorps.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Politiet i Sogn og Fjordane forventar at politidirektøren legg vekk dei dramatiske kuttforslaga sine.
I dag kom direktøren til Sogn for å høyra erfaringane frå trippeldrapet i Årdal og storbrannen i Lærdal...

SJÅ TV-SAK: Tidlegare regionlensmann i Sogn, Åge Løseth, krev at politidirektør Odd Reidar Humlegård legg vekk sine kuttframlegg.

– Det viser at slik vi er organisert i dag, så har vi for store vaktordningar. Patruljen kan vere for langt unna. Vi må vere organisert slik at vi lokalt er til stades når ting skjer, seier Løseth.

Urokkeleg direktør

Lokal tilhøyrsle og kunnskap er stikkord som til ei kvar tid dukkar opp i diskusjonen kring framtidas politiorganisering. Det same gjeld robuste einingar lokalt og sentralt, som er det politidirektør Humlegård siktar seg inn på gjennom tilrådinga til politikarane.

Politidirektør Odd Reidar Humlegård

POLITIDIREKTØR: Odd Reidar Humlegård vil gjere store endringar i norsk politi.

Foto: Steinar Lote / NRK

Han var nøgd med gjennomgangen han fekk i Årdal i dag og rosa politiet for jobben dei har gjort. Samstundes verka han urokkeleg i si tilråding.

– Det er ikkje slik at enkelthendingar blir avgjerande for korleis vi teiknar norsk politi framover. Det som er viktig er at erfaringane frå mange, mange hendingar viser at vi må styrkje politiet og gjere det meir robust lokalt og der folk bur, seier han.

Vil ha reserveteneste

– Det er det denne politireformen tek mål av seg å gjere. Det skal bli fleire politifolk der ute og dei skal organiserast betre for å gi eit betre polititilbod enn det vi klarer å gje i dag, held Humlegård fram og vedgår at han står fast på si tilråding.

– Er du sikker på at di tilråding ville ført politiet raskare fram til trippeldrapet på Holsbru?

– Vi kan ikkje garantere noko i framhaldet om politiet si responstid. Den vil variere over det ganske land, men det som er heilt sikkert er at ambisjonen og målet for politireformen er å få meir politi ut der folk bur, og betre responstid. Men det vil framleis vere slik at det er stader der vi må ha folk på reserveteneste for å sikre ein god respons og lågare responstid.

– Må ha nærleik

Humlegård seier føremålet med analysen er betre beredskap og kortare responstid for politiet. Han seier krav til responstid blir viktig når dei nye politidistrikta skal planleggje si organisering og korleis dei skal fordele sine politifolk.

Tidlegare regionlensmann Løseth trur ikkje Humlegård si tilråding vil gje rask nok responstid.

– Dersom vi ikkje har den lokale nærleiken, den lokale kunnskapen, og ikkje politifolk som bur i distrikta, så hjelp det ikkje å ha rullande patrulje og kontor lenger vekke. Då kjem ein ikkje tidsnok fram om det verkeleg er alvorleg, seier han.

– Sentraliseringa held fram

Løseth, som etter ein periode som regionlensmann er attende som lensmann i Fjaler, meiner tilrådinga er eit framhald av sentraliseringa som norsk politi har vore gjennom ei god stund.

Og som har resultert i store regionar og lange avstandar.

– Politianalysen og det politidirektøren føreslår er meir av same medisin. Hendingane den seinare tid viser at tryggleik og beredskap ikkje kan sentraliserast. Det må vi ha lokalt. Difor håpar eg at vi etter gjennomgangen i dag har ein politidirektør som vil sjå på organiseringa på nytt, seier Løseth.

– Legg det i skuffen

Lensmann Magne Knudsen

LENSMANN: Magne Knudsen er lensmann i Årdal.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Saman med ein kollega var lensmann i Årdal, Magne Knudsen, førstemann frå politiet til trippeldrapet på Holsbru. Då var både brannfolk og ambulansepersonell på staden, og den sikta gjerningspersonen pågripen.

Han oppmodar både Humlegård og politikarane i Oslo om å ikkje gløyme eit lokalt forankra politi.

– Eg håpar politikarane tenkjer at vi må ha politi i kvar bygd. Så må vi som politi lage vaktordningar som tilfredsstiller dei krava vi får. Då må vi ha folk og personell, seier Knudsen etter møtet onsdag.

– Kva håpar du politidirektøren gjer med tilrådinga si.

– Eg håpar han lyttar til oss på grasrota og styrkjer lokalt politi så vi får gjort jobben vi skal gjere for innbyggjarane. Framlegget kan han leggje i skuffen, og heller styrkje det lokale politiet.