Hopp til innhold

Moods of Norway om konkurs: – Som å stå midt i ein orkan

For eitt år sidan gjekk dei konkurs med ei gjeld på 112 millionar. No går Simen Staalnacke frå mote til serviser med nytt selskap.

Moods

NY PLAN FOR MOODS: Simen Staalnacke legg planar for korleis Moods of Norway skal sjå ut i 2019.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Det var som å stå midt i ein orkan. Ein må stå med rak rygg og ta vare på dei tilsette. Det er like viktig å gjere det godt i oppgangstider som i nedgangstider, seier Staalnacke.

Klesprodusentane bygde ei merkevare basert på traktor, vaflar og bestemødrer på merkelappane. Det var store festar, rosa limousinar og oppslag i internasjonale motemagasin.

20. september 2017 takka dei tårevåte for dansen etter 14 år. Moods of Norway var konkurs og den rosa Ferguson-traktoren blei parkert. Den amerikanske draumen hadde kosta. Husleiga til butikken på Manhattan i New York var 16 millionar kroner i året.

Det tok 15 dagar frå konkursen og fram til Staalnacke og ei gruppe tilsette hadde kjøpt tilbake konkursbuet. Dei punga ut med 52 millionar og la ned fleire butikkar. Dansen var ikkje over likevel.

– Vi legg ein plan for korleis Moods of Norway skal sjå ut i 2019. Vi teiknar framleis klede, seier Staalnacke.

Moods of Norway opnar butikk på Flø.

SVEVDE PÅ SKYER: Økonomien til Moods of Norway toppa seg i 2011 med eit resultat før skatt på over 93 millionar kroner. I 2014 blei pluss snudd til minus.

Foto: Eirik Knudsen//Cockpit Studio

Starta nytt designeselskap

Gjennom 14 år var det ikkje berre fargesprakande klede som stod på menyen. Alt frå briller, frimerke og emballasje til brunost fekk namnet til designsuksessen på seg. Det er noko som har gitt meirsmak for Staalnacke.

– No har eg starta eit nytt designselskap, der vi skal designe andre ting enn klede.

Klesdesignaren frå Stryn har blant anna kasta seg over servise og glas. Det har resultert i eit samarbeid med Magnor Glasverk.

– Eg hadde ein idé om å lage eit heilt servise med inspirasjon frå Japan, så då gjekk eg til Magnor og vi blei leikekompisar, seier han.