NRK Meny
Normal

Kjøper tilbake konkursbuet i Moods of Norway

Jan Egil Flo, Simen Staalnacke og ei gruppe tilsette har kjøpt tilbake konkursråka Moods of Norway.

Jan Egil Flo foran stengd moods-butikk i Stryn

STADFESTAR: Jan Egil Flo stadfestar ovanfor avisa Fjordingen at dei kjøper tilbake konkursråka Moods of Norway.

Foto: Silje Guddal / NRK

– No har eg og ei gruppe tilsette kjøpt opp buet etter Moods of Norway. Vi har kjøpt heile buet, med alle eigedelane som Moods har hatt, seier tidlegare administrerande direktør Jan Egil Flo.

Kva er planane no, er Moods of Norway tilbake?

– Det er absolutt ikkje over for Moods. No blir det full drift i alle butikkar. Vi håpar å kome tilbake til der vi var, men vi må byggje litt steg for steg. Først må vi få litt kontroll, og så byggje ting litt opp frå grunnen av.

Moods of Norway på frimerke

HAR INVESTERT SJØLVE: Det er tidlegare eigarar Simen Staalnacke og Jan Egil Flo som har kjøpt buet etter Moods of Norway.

Det var Fjordingen som omtalte saka først.

Gjeld på 112 millionar

Onsdag 20. september kom meldinga om at klesprodusenten, med hovudbase i Stryn, slo seg sjølve konkurs.

Gjelda på 112 millionar kroner vart ei for tung økonomisk bør å bere for Moods of Norway sine to norske selskap, Moods of Norway AS og Moods Wholesale.

– Det er ufatteleg trist at eventyret no er over. Vi har verkeleg prøvd å få det til å fungere, vi har snudd kvar stein, sa gründer Simen Staalnacke då.

Konkursen råka 200 tilsette ved 18 butikkar i Norge, samt lager og administrasjon.

Moods Of Norway

VIL KOME TILBAKE: Jan Egil Flo seier at dei håpar å få Moods of Norway tilbake til gamle høgder.

Satsar på Stryn

Flo og Staalnacke har kjøpt tilbake alle butikkane, men det er ikkje sikkert alle vil halde fram på lang sikt. Uansett seier Flo at det vil ha færre tilsette i Oslo framover.

– Det er i Stryn vi satsar. Vi hadde ein 15–20 tilsette i Oslo som vi ikkje tek med vidare. Det er folk som jobba med design, marknad og den type ting. Det blir ein del folk rundt om til å drifte butikkane, men vi får mykje lågare kostnader enn før.

Bustyrar Asbjørn Løvik seier at det var fleire som var interesserte i å kjøpe buet etter kleskjeda.

– Det er gjennomført eit sal etter at fleire interessentar har lagt inn bod på det som var på sal. Og den grupperinga som hadde det høgste bodet fekk det, seier Løvik.

Bustyreren fortel at fristen for å kome med krav i samband med konkursoppgjeret er 18. oktober.

– Difor har vi endå ikkje full oversikt.

Banken: – Ei kortsiktig løysing

Sparebanken Sogn og Fjordane har stått for finansieringa av oppkjøpet. Dei seier at dei først og fremst ser på oppkjøpet som ei kortsiktig løysing.

– Ei langsiktig vidareføring av "Moods" er ei heilt anna vurdering, som vi ikkje har hatt oppe til vurdering no, seier direktør for bedriftsmarknad Kjetil Bjørset i Sparebanken Sogn og Fjordane.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast