Hopp til innhold

Miljøkrav i verdsarvfjordar kan gje store tap for turistnæringa 

Nye utsleppskrav kan det føre til 250 millionar kroner i tapte inntekter for turistnæringa.

Cruiseskip i Flåm

KONSEKVENSAR: Konsekvensane for turistnæringa er truleg større enn miljøgevinsten ved NOx-krav, står det i rapporten som MENON har laga på oppdrag frå Sjøfartsdirektoratet.

Foto: Jan Christian Jerving

Det er konklusjonen i ein ny rapport Sjøfartsdirektoratet har bestilt. Eit strengare krav til utslepp av nitrogenoksider (NOx) i verdsarvfjordane, kan få enkelte cruiseselskap til å velje vekk Norge som cruisedestinasjon.

– Dette er ikkje uventa. Vi har heile tida sagt at å innføre einsidige krav på verdsarvfjordane vil føre til store tap for oss, seier ordførar Noralv Distad i cruisekommunen Aurland.

NOx er avgassar som kan gje skadar på naturen og helseskader for mennesker. I fjor vart det slått fast at lufta i cruisedestinasjonane Flåm og Geiranger i periodar er helsefarleg. Inntektstapet på 250 millionar kroner er rekna ut i frå at ein trur eit NOx-krav vil føre til færre cruiseanløp, færre cruiseturistar og dermed tapte inntekter.

– Flåm har omlag 250.000 cruisepassasjerar i året, som gjev rundt 200 millionar kroner i inntekter på land. Får vi ein svikt på 25 prosent, taper vi 50 millionar kroner i omsetnad, seier Distad.

Krev rettferdig ordning

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet skal no Sjøfartsdirektoratet foreslå strengare reglar for å få ned utsleppa frå fartøy i verdsarvfjordane.

Rapporten tek for seg samfunnsøkonomiske konsekvensar av fem ulike miljøkrav.

«Krav til NOx-utslepp forventes å gi betydningsfulle tap for norsk reiseliv, ... », står det i rapporten.

Distad meiner rapporten viser at miljøkrav ikkje kan bli pålagde berre i verdsarvfjordane.

– Det vil vere konkurransevridande. Skal det ha reell virkning, og vere rettferdig, må det gjelde nasjonalt og aller helst internasjonalt, seier Distad.

– Det må dei få stå fritt til å meine. Oppdraget frå departementet var å sjå konkret på verdsarvfjordane, men det er klart at vi må sjå på heilskapen og vurdere det, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet.

Aarskog seier rapporten er viktig for å få eit faktagrunnlag før dei gjer noko med reglane.

Usikre tal

Rapporten understrekar at dei tapte inntektene vert mindre om cruiseturistane kjem til Norge på andre måtar, og at inntektstapet må sjåast i lys av gevinsten av mindre NOx– og CO₂–utslepp, positive helseverknader og betre omdømme.

– Oppdraget er å stille strengare miljøkrav. Korleis skal de då vektlegge dei samfunnsøkonomiske kostnadane?

– På enkelte område vil det bli ein diskusjon om i kor stor grad ein skal vektlegge miljø kontra kostnadar, seier Aarskog.

Kloakk i fjorden

Rapporten vurderar også krav knytt til svovelinnhald i drivstoff, forbod mot utslepp av gråvatn, ureinsa og reinsa kloakk og vaskevatn frå reinsesystem.

Rapporten konkluderer med at krav om å fjerne vassdamp frå reinsesystem og krav til utslepp av vaskevatn frå reinsesystem vil vere samfunnsøkonomisk lønsamt. Men også her forventar ein at reiarlaga vil velje vekk verdsarvfjordane, og heller besøke andre fjordar som ikkje har slike krav knytt til seg.