Hopp til innhold

Uvêr i Sør-Noreg: Fløibanen krasja rett i eit tre

I fjellet var det så mykje vind og snø at det knapt gjekk an å sjå ein meter. Uvêret slo i går kveld for alvor inn over Sør-Noreg med stengde vegar, kansellerte ferjesamband, fly og båtruter.

Fløibanen kjørte på tre

RETT I TRE: Fløibanen i Bergen krasja med eit tre tysdag kveld. I Bergen blir det meldt om fleire skader som ein følgje av uvêret.

Foto: Fløyen

Uveret herjar onsdag morgon framleis delar av kysten og store delar av fjellområda i Sør-Noreg.

Svært mange fjellovergangar har vore heilt eller delvis stengde natt til onsdag.

Dombås. Uvêr, og lastebilane står grunna stengt fjelloverang.

VENTAR: På Dombås står lastebilane rekke på rad og ventar på at Dovrefjell skal opne igjen.

Foto: Håvard Amundgård / NRK

Vanskelege køyreforhold

Då NRK snakka med brøytesjåførane på riksveg 15 over Strynefjellet tysdag kveld, kunne dei fortelje at det knapt var mogleg å sjå noko som helst i snøfokket.

– Det er ruskete. I Grasdalen kokar det. Det er null sikt. Sist eg køyrde gjennom der såg eg ikkje spissen på plogen. Det er ikkje forsvarleg å sende bilar over fjellet, sa brøytesjåfør Ola Lyngved til NRK.

Statsmeteorolog Kristin Seter ber folk som absolutt må ut i uvêret om ferdast forsiktig.

– Det er kraftig nok vind til at greiner kan knekke, og vi ventar store utfordringar i trafikken med snøfokk i tillegg til kraftig vind. Ver budd på at om du absolutt må ferdast ute, så kan det vere store forseinkingar.

Vindkast på 115km/t er målt på Oppdal.

Vindkast på 115km/t er målt på Oppdal.

Orkan i kasta

Langs kysten er det så sterk vind at fleire båt- og ferjeruter er innstilt. Fleire stadar kan viktige brusamband bli stengde på kort varsel. Det gjeld blant anna Sotrabrua i Bergen og Måløybrua i Nordfjord.

Trafikken til og frå Nordsjøen er også meir eller mindre stengd av på grunn av vêret. Kring 850 tilsette kom seg ikkje på jobb frå Florø og Bergen. Tidlegare tysdag blei det målt orkan i kasta i Nordsjøen.

Frå i kveld er det venta høg vasstand på Vestlandet sør for stad. Meteorologisk institutt melder at det kan bli 50-60 cm over det som er oppgitt i tidevasstabellane. Vasstanden er venta på sitt høgaste mellom kl. 22 og midnatt.

Pass på lause gjenstandar

Den kraftige vinden gjer at folk no må sikre lause gjenstandar, seier meteorologen.

– Det er på tide å ta inn lause gjenstandar, sikre julelenker, ta inn den oppblåsbare julenissen. Rundt midnatt vil vinden minke, og då dreier han seg over på sørvest.

– Frå i natt vil det vere sørvestleg bris. Det vil det vere opp i sterk kuling på kysten, og kanskje blir det liten storm i periodar.

I Bergen var på eit tidspunkt i ettermiddag om lag 5000 kundar utan straum. I Eidsiva sitt dekningsområde i Innlandet var om lag 13.000 utan straum. Alle skal ha fått straumen tilbake no.

Sotrabrua

HEFTIG VIND: Sotrabrua er eit viktig samband i Hordaland. Den kraftige vinden gjer at brua kan bli stengd på kort varsel.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Uvêr på Dovre 10. desember 2019.

STENGDE VEGAR: E6 over Dovrefjell er tysdag kveld stengd for all trafikk.