Hopp til innhold

Melvær kom heim til sine eigne dagen derpå

ASKVOLL (NRK): Frida Melvær (H) reiste til valvaka i Førde som Askvoll-ordførar og Stortingskandidat. I dag vart ho som stortingspolitikar omfamna og gratulert på heimebane.

Frida Melvær kjem heim etter å ha sikra seg plass på Stortinget.

POPULÆR: Bygdefolket mobiliserte for at Frida Melvær skulle bli øyfolket si røyst i regjeringa.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Det er sånn det er her ute. Folk er flinke til å ta vare på kvarandre. Det er godt å ha det slik, smiler den ferske stortingspolitikaren.

– Alltid kjekt å komme heim

I natt torde ho ikkje ta noko for gitt , men etter kvart som klokka nærma seg midnatt viste prognosane meir enn berre trendar. Til slutt var det fakta. Askvoll sin Høgre-ordførar, Frida Melvær, sikra seg ein av tre faste plassar på fylket sin stortingsbenk.

Ordføraren frå Askvoll skal til Oslo

SJÅ TV-SAK: Frida Melvær vart møtt med klemmar, handtrykk og gratulasjonar då ho kom heim til Bulandet og Værlandet i dag.

Frida Melvær får klem frå systera Ragnhild Melvær Norheim.

KLEM: Det vanka klem på Frida Melvær då ho vitja systera Ragnhild Melvær Norheim på butikken.

Foto: Jørgen Eide / NRK

I dag vart 45-åringen møtt med klemmar, handtrykk og gratulasjonar i Noregs vestlegaste øysamfunn, Værlandet og Bulandet.

– Om eg bur i Askvoll no, så er eg oppvaksen og er mykje her ute i øyane. Det er alltid kjekt å komme heim, seier ho.

Håpar på goodwill

I butikken på Værlandet tykkjer systera Reidun Melvær Norheim det er stas når systera stikk hovudet innom for ein prat. No kan det bli lengre mellom slike møte.

Norheim sat spikra framfor TV-skjermen, og kjende seg langt frå sikker på at ho skulle få ei syster på Stortinget.

Frida Melvær

LIVSKRAFTIG: Frida Melvær trivst godt heime i eit øysamfunn ho skildrar som livskraftig. – Du skal vere kreativ og du skal ville for å skape eit eige tilvære i slike øysamfunn, seier ho.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Eg følgde med frå klokka 21, men var ikkje sikker før eg gjekk å la meg like over midnatt. Ho har gjort ein utruleg flott innsats i valkampen og fortener denne plassen, smiler ho.

– Frida har vore ganske synleg, og vi har eit lite håp om litt ekstra goodwill når ho no kjem inn, humrar ho.

Politisk familie

Syskenflokken vaks opp i ein politisk engasjert heim på Melvær, midt mellom Værlandet og Bulandet.

Frida Melvær på valvaken

GLEDESSCENER: Frida Melvær (H) vart møtt med jubel då ho kom frå røysteteljing i Askvoll til valvaka på Scandic Sunnfjord hotell seint måndag kveld.

Pappa Jardar har sjølv mange år bak seg som høgrepolitikar og Norheim vedgår at det har vore nokre heftige politiske diskusjonar til både frukost, middag og kvelds.

– Vi har diskutert mykje politikk, og vi er ganske høgrøysta. Men sjølv om det har vore mange ulike syn på ting, så er vi vennar når vi er ferdige, seier ho.

Nytt politisk steg

Melvær hadde ein periode i kommunestyret før innbyggjarane i 2011 ville ha henne som ordførar. I haust tek ho eit nytt politisk steg, til Oslo og Løvebakken.

– Det trur eg skal gå heilt fint. Eg har vore god på å veksle mellom øysamfunn og verda elles tidlegare. Den omstillinga skal eg klare heilt fint, meiner høgrepolitikaren.

– Men kva saker blir viktige for deg?

– Det er fleire saker som står på dagsorden. Næringspolitikk og fokus på kystnæringa, mellom anna. Eg håpar å vere ei røyst for dei sentralt. Eg meiner fylket har potensial som vi skal dyrke endå meir.