Hopp til innhold

Sanner: Storkommunen skal heite Sunnfjord

Kommunalminister Jan Tore Sanner avgjorde i dag namnestriden i indre Sunnfjord. Den nye storkommunen skal heite Sunnfjord.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

BESTEMT: Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) gav førjulssvar på kva dei samanslåtte kommunane skal heite.

Foto: ESKIL WIE FURUNES / NRK

– Eg håpar dette bidreg til ro kring prosessen sånn at kommunane kan konsentrere seg om å byggje gode tenester og lokalsamfunn for sine innbyggjarar, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H).

Frå 1. januar 2020 slår Førde, Naustdal, Jølster og Gaular seg saman til storkommunen med namnet Sunnfjord.

Det har vore strid rundt kva som skulle vere namnet på den nye kommunen, og dermed måtte namnevalet bli avgjort i kommunaldepartementet.

Sunnfjord er brukt om namnet på fogderiet med kommunane Førde, Jølster, Gaular, Naustdal, Bremanger, Flora, Askvoll og Fjaler. No blir fire av desse kommunane heitande Sunnfjord åleine.

Sunnfjord kommune

Språkrådet åtvara mot Sunnfjord

Språkrådet er blant dei som har åtvara mot å bruke ordet Sunnfjord på den nye storkommunen, men statsråd Sanner seier at han har lagt størst vekt på dei aktuelle kommunane si vurdering.

– Det var to kommunar som ønska Førde og to kommunar som ønska Indre Sunnfjord. Men i den opphavelege intensjonsavtalen mellom kommunane var Sunnfjord namnet som blei brukt, seier Sanner.

Han peikar på at den nye kommunen vil omfatte store deler av distriktet Sunnfjord, sjølv om det er fleire Sunnfjord-kommunar som ikkje blir med.

– Eg håpar at det er eit namn som vil vere inkluderande og gir eit godt grunnlag for identiteten til den nye kommunen, slår Sanner fast.

Reaksjonane kom raskt

Dei andre Sunnfjord-kommunane har tidlegare vore ganske lukne til at storkommunen skulle får namnet Sunnfjord. Reaksjonane har heller ikkje late vente på seg.

– Eg må seie at eg blei veldig overraska. Protestane frå nabokommunane rundt har jo vore høglytte. Eg trudde dette var lagt daudt for lenge sidan. Dette blir jo som å frarøve florøværingane det å vere sunnfjording. Det er veldig rart, seier tidlegare Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) til NRK.

Regjeringa har også bestemt at Balestrand, Leikanger og Sogndal skal heite Sogndal kommune. Hornindal og Volda skal heite Volda kommune. Flora og Vågsøy får namnet Kinn kommune.