Hopp til innhold

Meiner oppdrettsnæringa er øydeleggande for kongen si favoritt-elv

LÆRDAL (NRK): – Smitte av lakselus frå oppdrettsnæringa har bidrege til at laksefisket i Lærdalselvi og andre elvar nesten er øydelagt, seier Rolf Michelsen Bjørum (60).

Rolf Michelsen Bjørum og Harald Ørneberg

FORTVILTE: Rolf Michelsen Bjørum (60) og Harald Ørneberg (56) er fortvilte over situasjonen i Lærdalselvi. Dei meiner oppdrettsnæringa har hovudansvaret for det dårlege fisket i elva. Dette fordi villaksen blir smitta med lus frå oppdrettsfisk.

Foto: Bård Siem / NRK

60-åringen kjempar mot tårene og må avbryte samtalen fleire gonger. Han ser nedover mot elva og svelgjer.

– Når ein tenkjer på korleis det var her, er det deprimerande å sjå korleis det er no.

Den 56 år gamle svensken Harald Ørneberg nikkar.

– Smitte av lakselus frå oppdrettsnæringa er hovudgrunnen til den deprimerande situasjonen i Lærdalselvi og mange andre norske elvar, seier han. Svensken har fiska i Lærdalselvi sidan 1980-talet.

Harald Ørneberg

SINT: Harald Ørneberg får ikkje laks i Lærdalselvi. På det meste vart det fiska 24 tonn. I år håper ein å greie to. Ørneberg meiner oppdrettsnæringa har hovudskulda.

Foto: Bård Siem / NRk

Fisket redusert med 90 prosent

På 1970-talet vart det på det meste teke 24 tonn laks eitt år. Lærdalselvi var i verdsklasse. Men på slutten av 1990-talet starta problema. Elva vart smitta av parasitten Gyrodactylus salaris og var i periodar stengt for fiske.

I 2016 var situasjonen betre og det vart drege i land om lag åtte tonn laks. Men så starta ein ny nedtur. I år ligg det an til ein tiandedel av det som vart fiska på 1970-talet.

Det er fleire grunnar til at det nesten ikkje har vore villaks i elva dei siste åra. Mellom anna førte ein stor flaum i 2014 mykje finmasse ut i elva. Også ei ukontrollert nedtapping av elva i 2017, der yngel døydde, har hatt negativ innverknad på villaksstammen. Børum meiner det største problemet er at villaksen blir smitta med lakselus frå oppdrettslaks.

Ulike forskingsrapportar viser at villaks blir smitta med lus frå oppdrettslaks. Spesielt små villaks døyr når dei blir smitta av lus frå oppdrettslaks.

Har lært kongelege å fiske

Rolf Michelsen Bjørum sine oldeforeldre kjøpe ein part av Lærdalselvi tidleg på 1900-talet. Her vart «Moldebo» bygd opp, ein stad der gjestar frå fjern og nær kom for å fiske laks. I laksesesongen var det i gjennomsnitt 12 personar på lønningslista. No er det berre Bjørum igjen.

– Eg kan ikkje be kongen eller andre hit når sjansen for å få fisk er minimal, seier Bjørum. Stemma brestar igjen.

Kong Harald får laks i Lærdal

KONGEELV: Her ser vi kong Harald få laks i Lærdalselvi 1. august 2016. Også kong Olav og kronprins Haakon har fleire gonger fiska i elva.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Veldig lukrativ bransje

Harald Ørneberg meiner det er uforståeleg at det ikkje blir stilt krav om at oppdrettsanlegga skal vere lukka eller landbaserte.

– Då vil ein vere sikker på å unngå smitte. Andre bransjar som ureinar blir pålagde å rydde opp. Oppdrettsbransjen slepp unna, seier han.

Ørneberg trur politikarane vegrar seg for å gjere noko, fordi bransjen har god økonomi og skaper store verdiar.

Dersom ein ser på dei største oppdrettsselskapa i Noreg, går det tydeleg fram at bransjen er svært så lukrativ.

Mowi ASA hadde i fjor eit overskot etter skatt på 5,5 milliardar kroner. Salmar tente 2,7 milliardar kroner. For Lerøy Seafood Group er ikkje 2018-tala klare, men i 2017 var overskotet på 2,7 milliardar kroner.

Salmars havmerd i Frohavet

ENORM INNTENING: Her er Salmars havmerd i Frohavet utanfor Frøya i Trøndelag. Selskapet hadde eit overskot på 2,7 milliardar kroner i fjor.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Næringa gjer svært mykje

Kommunikasjonssjef Henrik Wiedswang Horjen i Sjømat Noreg fortel at næringa gjer svært mykje for å hindre spreiing av lakselus.

– Vi ser nye løysingar og teknologi som blir tatt i bruk og forventar forbetringar i åra som kjem. I Sogn og Fjordane har tala på lus vore låge dei siste tre åra, seier han.

Horjen viser mellom anna til ein rapport frå styringsgruppa for lakseluspåverknad som viser store variasjonar i kor lett villfisk blir smitta av lakselus.

Han vender tommelen ned når det gjeld landbaserte oppdrettsanlegg.

– Anlegg på land er under utvikling, men vil ikkje vere noko enkel løysing, seier Horjen.

Kommunikasjonssjefen peikar på at Golfstraumen bidreg til å skape ein klima- og miljøvennleg lakseproduksjon. Oppdrett på land vil krevje ti gonger så mykje energi som oppdrett i sjøen.

– Det vil krevje store inngrep i naturen, seier han. Horjen legg til at næringa brukar 14 milliardar kroner i året på forsking som skal ta knekken på lakselusa.

Horjen påpeikar at det på ingen måte berre er lakselus som gjer at villaksen døyr.

– Lakselus er ein av årsakene, men det er samansett. Vi veit at 95 prosent av villaksen døyr på havet på grunn av predatorar og matmangel, seier han.

Nei frå Regjeringa

Bjørum meiner situasjonen er kritisk for villaksen.

– Oppdrettsbransjen har midlar til å rydde opp. Noko må skje.

Sist veke var statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Atle Hamar (V), på besøk på «Moldebo». Krava frå laksefiskarane ser ikkje ut til å bli innfridd av regjeringa.

Atle Hamar

IKKJE KRAV OM LUKKA ANLEGG: Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Atle Hamar (V), vil ikkje stille krav om at oppdrettslaksen skal over i lukka eller landbaserte anlegg.

Foto: Bård Siem / NRK

– Lakselus er ein del av bildet, men også tjuvfiske langs elvemunningane og klimarelaterte hendingar spelar inn når det gjeld villaksen, seier statssekretær Hamar.

Hamar fortel at det blir jobba med både lukka og landbaserte anlegg. Samstundes slår han fast at det er uaktuelt å avvikle dagens oppdrettsanlegg.

– Oppdrettsbransjen har tent gode pengar. Bransjen legg igjen mykje pengar i teknologiutvikling og innovasjon nettopp for å løyse luseproblematikken, seier han.

Ikkje napp

Tilbake i Lærdal har dei to fiskarane gått ned til elvekanten. Mange års erfaring gjer at dei kan alle knepa, men dei får likevel ikkje napp.

– Det verkar heilt daudt, sukkar Ørneberg med eit dystert drag over andletet. Bjørum ristar på hovudet. Med ryggen mot elva pakkar dei saman fiskeutstyret og går mot «Moldebo».