Hopp til innhold

Meiner Navarsete er uærleg i flyktningpolitikken

– Senterpartiet og Liv Signe Navarsete er uærlege når dei kritiserer regjeringa for at kommunar ikkje får ta imot fleire flyktningar.

Guri Melby (V)

GÅR HARDT UT: Guri Melby (V) skuldar Senterpartiet og Liv Signe Navarsete for å dobbelkommunisere i flyktningpolitikken. Senterpartiet prøvar å framstå solidarisk, men konkurrerer med Frp om å ha den strengaste flyktningpolitikken, meiner Melby.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Dette seier Guri Melby, innvandringspolitisk talsperson i Venstre.

Det var tidlegare i veka at stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) gjekk hardt ut mot regjeringa sin flyktningpolitikk. Bakgrunnen var at Solund kommune i Sogn ikkje får ta imot fleire flyktningar. Dette trass i at kommunen har lukkast med integreringa. Mellom anna er alle dei 30 flyktningane som allereie er i kommunen anten er jobb eller utdanning.

– Eit typisk eksempel på mislukka politikk frå dagens regjering, sa Navarsete mellom anna.

Ser raudt

Utspelet frå Navarsete har fått Melby og Venstre til å sjå raudt.

– Hovudgrunnen til at Solund og mange andre kommunar ikkje får ta imot fleire flyktningar er at det kjem langt færre flyktningar og asylsøkjarar til Noreg enn for nokre år sidan. Når Senterpartiet vil kutta talet på kvoteflyktningar frå 3000 til 2000, blir det ein uærleg dobbelkommunikasjon, seier ho. Regjeringa har bestemt at vi skal ta imot 3000 kvoteflyktningar i år.

Melby meiner Senterpartiet i saka om flyktningane i Solund prøvar å stå fram som solidarisk, ved at dei ønskjer å ta imot mange flyktningar.

– Men på nasjonalt plan konkurrerer Senterpartiet med Framstegspartiet om å vere strengast i innvandringspolitikken. Senterpartiet prøvar å ri to hestar samtidig, men dei lukkast ikkje spesielt godt, seier Melby.

Slår hardt tilbake

Navarsete er ikkje imponert over Venstre og Melby.

– Som vanleg skyt kritikken frå Venstre langt over mål. Denne saka handlar ikkje om det samla talet på kor mange flyktningar vi tek imot, men om korleis vi fordeler dei utover landet, seier Sp-nestoren.

Liv Signe Navarsete i debatt

SLÅR TILBAKE: Liv Signe Navarsete (Sp) meiner det er spesielt av Venstre å skulde Senterpartiet for å vere uærleg, Venstre som sit i regjering saman med Frp, trass i at Venstre på førehand forsikra at partiet ikkje skule gå i regjering med nettopp Frp.

Foto: NRK

Ho viser mellom anna til at Oslo har teke imot mellom 200 og 300 flyktningar i år.

– Ein kan ikkje akkurat seie at integreringa i Groruddalen i Oslo er vellukka. Vi bør ha færre flyktningar i Oslo, men fleire til kommunar som Solund, der dei greier å få alle som har vore igjennom integreringsprogrammet ut i jobb eller utdanning, seier Navarsete.

Sp-politikaren frå Sogn meiner det er spesielt at Venstre skuldar Senterpartiet for å vere uærleg. Ikkje minst fordi Venstre sit i regjeringa saman med Frp, trass i Venstre før valet lova at partiet ikkje skulle gå i regjering med Frp.

– Dette er ikkje spesielt ærleg, seier Navarsete og legg til:

– Meiningsmålingane viser at det er ganske mange rundt om i landet som ikkje set pris på Venstre sin politikk. Det har ei årsak, seier ho