Kommunen vil gjerne busette fleire flyktningar, men regjeringa seier nei

SOLUND (NRK): – Det er uforståeleg at vi ikkje får ta imot fleire flyktningar, seier Solund-ordførar Gunn Mongstad (Sp).

F.v. Gunn Mongstad, ordførar i Solund, saman med flyktningekonsulent

PROVOSERT: Ordførar Gunn Mongstad (Sp) og flyktningkoordinator Anne Lerpold forstår ikkje kvifor dei ikkje får ta imot fleire flyktningar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Solund kommune har fått alle flyktningane i jobb eller utdanning, og ønskjer å ta imot fleire, men regjeringa seier nei. Kystkommunen har så langt busett 30 flyktningar. Solund-ordførar Gunn Mongstad (Sp) er opprørt over at dei ikkje får ta imot fleire flyktningar.

– Vi har lykkast, og dei som har kome til oss har blitt verande. Eg kan ikkje forstå kvifor vi ikkje kan få lov å bidra og hjelpe folk som treng det, seier ho.

Flyktningkoordinator Anne Lerpold fortel at flyktningane stortrivst i Solund.

– Det blir feil å seie nei til Solund når vi har så gode resultat å vise til, seier ho.

Langt færre flyktningar kjem

Ifølgje Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) var det ved utgangen av mars totalt 641 personar i asylmottak som venta på busetting. Gjennomsnittleg ventetid var på litt over to månader. Åtte prosent har venta meir enn eit halvt år. To prosent har venta over eitt år.

Seksjonsleiar i IMDI, Kristian Mellingen, har følgjande forklaring på kvifor Solund ikkje får ta imot fleire flyktningar.

– Behovet for å busetje flyktningar er langt lågare i 2018 og 2019 enn åra før. Det betyr gjerne at kommunar som har busett flyktningar tidlegare ikkje får busetje flyktningar no, seier han.

Mellingen viser til at det er Kunnskapsdepartementet som har fastsett kriteria for kven som får ta imot flyktningar.

Har Solund gjort feil sidan dei ikkje får ta imot fleire flyktningar?

– Nei, kommunen har ikkje gjort noko feil. Tvert imot verkar det som Solund har gjort veldig mykje rett, seier han.

Noreg tok imot 5000 flyktningar i fjor. I år reknar regjeringa med at vi vil ta imot om lag like mange. Dette er langt færre enn vi tok imot for nokre år sidan.

Kritisk Navarsete

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) er svært kritisk til at Solund får nei frå regjeringa, samtidig som mange busettingsklare flyktningar blir verande lenge i asylmottaka.

– Dette er eit typisk eksempel på mislukka politikk frå dagens regjering, som bruker det meste av tida på å seie at dei små kommunane er inkompetente. Solund har greidd å skape resultat gjennom samarbeid på tvers av sektorane, seier ho.

Liv Signe Navarsete i Solund

KRITISK: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete slaktar dagens regjering som nektar Solund å ta imot fleire flyktningar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Navarsete påpeikar at ressursane finn kvarandre i ein liten kommune der alle kjenner alle.

– I Solund klarer ein å vere fleksibel, seier ho.

Sp-nestoren legg til:

– Blir det ei ny regjering der Senterpartiet er med, så kjem ikkje denne diskrimineringa av småkommunar til å halde fram, seier ho.

Avviser kritikken

Innvandringspolitisk talsperson for Høgre, stortingsrepresentant Ove Trellevik, avviser kritikken frå Navarsete.

– Summen av flyktningar som kommunane ønskjer å busetje er langt høgare enn det samla talet på flyktningar. Å la kommunane få ta imot så mange som dei vil, slik Navarsete legg opp til, vil vere det same som å opne slusene og ta imot langt fleire flyktningar. Eg tvilar på at Navarsete er på line med sitt eige parti her, seier han.

Ove Trellevik

AVVISER KRITIKK: Navarsete sin politikk om at kommunane sjølve skal få bestemme vil vere det same som å opne slusene for langt fleire flyktningar til Noreg, meiner stortingsrepresentant Ove Trellevik (H).

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Men er det ikkje eit paradoks at Solund får nei, samtidig som fleire hundre flyktningar sit i asylmottak og ventar på å få flytte ut i ein kommune?

– Det er kommunar som er bedne om å ta imot fleire flyktningar. Andre blir bedne om å ta imot færre. Eg kjenner i dette tilfellet ikkje til kvifor enkelte blir sitjande lenge i mottak, og ikkje får kome seg ut i ein kommune. Målet vårt er å få busett folk så fort som råd, seier han.

Meiner Navarsete tek feil

Fram til onsdag morgon i 9-tida, var ingen frå politisk leiing i Kunnskapsdepartementet tilgjengeleg for kommentar i saka. Men no kjem statssekretær Tom Erlend Skaug (H) på banen. Han påpeikar at det er feil at det berre er små kommunar som ikkje får ta imot nye flyktningar.

– Eg reagerer når Liv Signe Navarsete seier vi diskriminerer små kommunar. Realiteten er at vi har lagt om politikken slik at dei store bykommunane tek imot færre flyktningar enn tidlegare. Samtidig er det fleire mindre kommunar som får busetje fleire enn tidlegare, seier han.

Ifølgje Skaug er gode utdanningstilbod, gode sjansar for å kome i jobb og gode resultat i integreringsarbeidet dei viktigaste kriteria som blir lagde til grunn for om kommunar får ta imot flyktningar.

– Men kvifor får ikkje Solund ta imot fleire flyktningar, der alle er i jobb eller utdanning?

– Vi fastset kriteria for kva som skal til for at kommunane skal få ta imot flyktningar. Men det er IMDI i samarbeid med KS som bestemmer kor mange flyktningar kvar enkelt kommune får ta imot, seier han.

  • I den første versjonen av saka var ikkje intervjuet med statssekretær Skaug med.
Tom Erlend Skaug

KRITISERER NAVARSETE: Liv Signe Navarsete tek feil når ho seier vi diskriminerer små kommunar, hevdar statssekretær Tom Erlend Skaug (H) i Kunnskapsdepartementet.

Foto: Astrid Waller