Hopp til innhold

Meiner at rovdyr kan spreie skrantesjuka vidare

Rovviltnemnd-leiar Alexander Øren Heen meiner at store rovdyr i dei skrantesjuke-infiserte Nordfjella ville kome til å spreie den døyelege sjuka til nye landområde.

Jerv

BÅDE ÒG: Det er ikkje utenkjeleg at jerv kan spreie skrantesmitta rett etter at han har ete sjuke dyr, men samstundes må ein rekne med at ein del av smittestoffa vert øydelagde av matmeltinsprosessen, seier veterinær Bjørnar Ytrehus.

Foto: BBC

Leiar for rovviltnemnda i Rovvilt-region 1, Noregs største viltregion utan ynglemål for store rovdyr, synest lite om utsegna frå Naturvernforbundet om at å sleppe jerv og gaupe opp i Nordfjella og på Hardangervidda kunne vore eit godt tiltak mot skrantesjuke.

Alexander Øren Heen

SKEPTISK TIL ROVDYR I ROVVILT-REGION 1: Rovviltnemnd-leiar og Senterparti-politikar Alexander Øren Heen stør Stortinget si rovviltmelding frå 2004 i at store rovdyr ikkje skal ha nokon plass i nasjonalparkane på vestlandet.

Foto: Truls Sylvarnes

Der det er påvist skrantesjuke, må ein få kontroll på sjukdomen raskt. Då er det ei effektiv nedslakting som er rådet frå fagmiljøa, seier Heen.

Å sleppe ut rovdyr som ein ikkje har kontroll på i det heile, vil i alle fall ikkje bidra til å få kontroll på sjuka, meiner han.

Biolog og fagansvarleg innan Norges Naturvernforbund, Arnodd Håpnes, uttalte nyss til NRK at rovdyra gaupe og jerv ville vore nyttige i kampen mot skrantesjuka i Nordfjella, og fungere førebyggjande mot skrantesjuke på Hardangervidda. Men Heen er usamd:

– Vi veit ikkje kvar rovdyra tek vegen etter at dei har fått i seg infisert kjøt, og dei kunne ha kome til å føre sjuka til nye område.

– Coyote kan spreie smitte

jerv

GOD STATISTIKK: Ikkje sidan skrantesjuka vart oppdaga i Nord-Amerika i 1967 har ho vore kjend i dei delane av Canada der det er intakte jervepopulasjonar. I fjor kom sjuka over Atlanteren for fyrste gong, og då til Lærdal og Nordfjella.

Foto: Jørn Nordli / NRK

– Nordamerikanske studiar har hittil klart å påvise at to ulike dyreartar har spreidd smitten vidare etter å ha ete skrantesjukeinfisert kjøt: Hundedyret coyote, og kråka.

Det seier Bjørnar Ytrehus, forskar og veterinær ved Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Bjørnar Ytrehus

LOGISK: Bjørnar Ytrehus meiner det høyrest logisk ut at rovdyra, om dei drep sjuke hjortedyr tidleg i sjukdomsperioden, bidreg til å fjerne smittekjelder frå naturen. Hjortedyr kan lide av sjukdomssymptoma i kring eit år før dei bukkar under.

Foto: Arnstein Staverløkk

Det synte seg at både kråke og coyotehund som åt av skranteinfisert hjorteviltkjøt, hadde smittsame prionproteinar i avføringa like etterpå.

Ytrehus vil ikkje sjå bort frå at jerv eller gaupe også kunne spreidd smitten, og at dette er noko å vere merksam på med tanke på dei lange avstandane dyra evnar å leggje bak seg, slik at dei kan dukke opp i uventa lokasjonar. Men han legg til:

Eg meiner at smitta hjortevilt vil vere den viktigaste faktoren for smittespreiing av skrantesjuke.

– Kadaver i Nordfjella

Erling J. Solberg i NINA, seniorforskar og føredragshaldar for NINA om skrantesjuka, meiner det er høgst sannsynleg at det på grunn av sjuka no ligg uoppdaga villreinskrottar i dei jervefrie Nordfjella.

Erling Johan Solberg, NINA

KVALIFISERT GISSING: Erling J. Solberg ser ikkje bort frå at sjuke hjortedyr kan spreie meir og meir smitte per dag etter kvart som prionsjukdomen fører hjortedyret nærare dauden. Men so langt har ikkje vitskapen funne ut av dette.

Foto: Norsk institutt for naturforskning / NINA

Kråka og coyotehunden sine nære slektningar i Nordfjella, ramnen og reven, vil forsyne seg av kadavera. Men Solberg trur ikkje ein gong dei vil spreie smitten til nye område:

– Kor langt smitten vert spreidd heng saman med kor langt ramnen eller reven flyg eller spring dei neste par dagane. Dei fleste dyr er relativt stasjonære innanfor eit slikt tidsintervall, so smitta vert neppe spreidd veldig langt, seier Solberg.

Han legg til at eit hjortedyr ogso må få i seg ramne- eller reveekskrementa etterpå for at den rovdyrborne smitten skal kunne føre med seg meir sjukdom.

Solberg meiner at hjortedyra sjølve er dei mest relevante smittespreiarane.