Hopp til innhold

Vil sleppe laus rovdyr for å bli kvitt sjuke reinsdyr

Naturvernforbundet ynskjer å sleppe jerv og gaupe laus på villreinen som eit tiltak for å bli kvitt den døyelege sjukdomen skrantesjuke.

Jerv

GLUPSK: Jerven er eit rovdyr med stor mathug, og Naturvernforbundet meiner nettopp det ville vore ein føremon i møte med skrantesjuke villrein.

Foto: Steve Kroschel / Reuters

– Rovdyr er ein naturleg del av økosystema der villreinen held til, og rovdyra har opp gjennom tidene bidrege til å luke ut sjuke dyr, seier biolog Arnodd Håpnes, fagansvarleg innan naturmangfald hjå Norges Naturvernforbund.

Han trur ei permanent rovviltstamme i Nordfjella og også på Hardangervidda ville fungert førebyggjande både mot skrantesjuka og andre smittsame hjortedyr-sjukdomar.

Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet vil ha ynglande jerv på Vestlandet

MEINER JERVEN BURDE FÅ YNGLE PÅ VESTLANDET: Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet seier jerven burde ha ein viktig plass i fjell-økosystema på vestlandet, for å drive røkt av sunne villreinflokkar

Foto: BBC/Jo Straube

– Sidan rovdyra har vanskar med å overliste friske, vaksne byttedyr, er dei flinkare enn menneska til å ta ut dei sjuke dyra. Og ettersom korkje jerv eller gaupe går i hi som bjørnen, ville dei ha pleidd og styrka villreinflokkane heile året gjennom.

Vil ikkje avvise

Forskar og veterinær ved Norsk institutt for naturforsking (NINA), Bjørnar Ytrehus, vil ikkje avvise at jerven kan bidrage positivt mot smittsame sjukdomar som til dømes skrantesjuke.

Bjørnar Ytrehus

VIL IKKJE UTELUKKE: Forskar ved NINA, Bjørnar Ytrehus, vil ikkje utelukke at jerven kunne ha bidrege positivt til å dempe skadeomfanget til skrantesjuka.

Foto: Arnstein Staverløkk / NINA

–Nordamerikanske vitskaplege studiar har indikert at pumaen der har ete fleire sjuke enn friske hjortedyr, og bidrege til å bremse smitteutbrot av skrantesjuke, seier han.

Men Ytrehus legg til at det også finst studiar frå Nord-Amerika der ein ikkje har kunne konkludere med at rovdyr forsyner seg meir av sjuke enn av friske dyr.

Ytrehus seier òg at ein ikkje har røynsler frå skrantesjuke i møte med jervstamma i Canada, og at vi ikkje kan vite korleis jerven villa ha påverka stoda i Nordfjella. Men han legg til:

– Skrantesjukeepidemien spreier seg i hovudsak ved at sjuke dyr smittar artsfrendane sine via urin, avføring og spytt. Jo tidlegare desse sjuke dyra vert tekne ut, jo mindre smitte vil dei få spreidd.

– Tiltalande tanke

Ytrehus legg til at sjølv om rovdyr har vore ein naturleg del av økosystema i dei vestlandske nasjonalparkane, vil ikkje attinnføring av rovdyra føre økosystema tilbake til nokon urtilstand.

– Tanken på å gjeninnføre rovdyra som tiltak mot sjukdomsutbrot kan verke tiltalande, men villreinen lever i eit miljø som er påverka av menneskeleg aktivitet på alle baugar og kantar, og difor spørst det om det er mogleg å attskape den opphavlege økosystembalansen i dei vestlandske nasjonalparkane, avsluttar Ytrehus.