Hopp til innhold

Mattilsynet: – Villkattar er ofte dårleg eigna til omplassering og bør heller avlivast

HØYANGER (NRK): Frivillige brukar uendeleg med tid og krefter på å redde katteliv. Mattilsynet meiner mange av dyra har betre av å døy. For "Ulla" blei redninga godt stell og ikkje avliving.

Avmagra katt

AVMAGRA OG ALEINE: Mattilsynet meiner at enkelte heimlause kattar har betre av å døy, viss ikkje kan problemet vekse seg større. "Ulla" var svært nær sveltedøden, men blei berga av veterinær Hanne Husebø Kristensen i Florø.

Foto: Hanne H. Kristensen

– Villkattar er ofte dårleg eigna til omplassering og bør heller avlivast. Ein katt som ikkje vil fungere godt i ein heim med menneske har betre av å døy, seier Torunn Knævelsrud i Mattilsynet.

Levande kattar blir dumpa i boskontainerar eller forsøkt drukna av eigarane. Sommaren er høgsesong for dumping av kattar, og organisasjonar som Dyrebeskyttelsen brukar mykje ressursar på å redde dyra.

Sjølv om Mattilsynet ser på omplassering som den beste løysinga for heimlause kattar, så meiner dei at ein ikkje bør redde katteliv for ein kvar pris.

– Heimlause kattar har ofte eit sørgeleg liv, og det finst langt fleire kattar enn katteeigarar. Dyra bør ikkje vere i mottak over lang tid, for der har dei nødvendigvis ikkje eit godt liv viss det ikkje er lagt til rette for det, meiner Knævelsrud.

Katten på bildet, "Ulla", blei i 2015 teken hand om av dyrlegen Hanne Husebø Kristensen i Florø og fann ein ny heim. I dag lever ho i beste velgåande og har eiga Facebook-side.

Fyller heller heimen med kattar, enn å la dei døy

I heimen til Jannike Nessestrand er det høglydt mjauing frå 14 kattar. Frå før av hadde ho fem firbeinte, men når ni kattungar blei funne med både lopper og augebetennelse, såg ho ikkje anna val enn å fylle heimen med kattar.

– Eg avlivar aldri kattungar. Då fyller eg heller huset, seier ho.

Jannike Nessestrand

MAT OG STELL: Jannike Nessestrand i Høyanger har tatt inn ni heimlause kattungar. Nokre av desse hadde store mengder med lus.

Foto: Ole Heilevang / NRK

Nessestrand er leiar for Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane, og brukar store delar av kvardagen på å redde livet til dyr som eigarane ikkje vil ha lenger.

– Eg blir sint på dei som vil avlive. Dette er dyr med hjarte. Så lenge eg har hjarterom, så er det plass til dei, seier ho.

Marerittsommar for heimlause kattar

Kvar dag får dyrevernet telefonar om kattar som ikkje har ein plass å bu. Berre i Sogn og Fjordane har dei måtte hjelpe over 150 heimlause kattar denne sommaren, noko som gjer at dei frivillige må opne opp heimen.

Hadde eg ikkje gjort det, så hadde vi ikkje funne plass til dei. Det blir berre fleire og fleire kattar som treng ein heim, seier Nessestrand.

Mattilsynet poengterer at frivillige organisasjonar gjer ein viktig jobb, men at ein må sikre at det er sosialiserte og friske kattar som blir omplassert. Viss ikkje kan ein risikere at problemet vert større.

– Kattar som ikkje blir sett på som gode kjæledyr vil ofte hamne på streif att, seier Knævelsrud i Mattilsynet.