Hopp til innhold

Fekk sjokk då Røde Kors banka på og ba dei evakuere

– Eg trudde det var vinden som banka. Maria Sæbø Nes var ein av fleire hundre personar som vart evakuerte i natt i Lærdal. No er mellom 15 og 30 hus fullstendig nedbrende.

Fullstendig utbrent

EVAKUERTE I NATT: Brannen i Lærdal har ikkje tatt menneskeliv. Fleire hundre vart evakuerte i natt.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Vi vart jo redde. Mange hus var heilt overtent og masse vind. Det spreidde seg jo så raskt. Vi tenkte på alle folka som har mista husa sine. Det var ikkje kjekt, seier Nes.

I halv tolvtida i natt kom bestemora springande inn i stova og fortalde at det var masse røyk utanfor huset. Allereie då var det fleire hus som stod i fyr berre nokre hundre meter lenger nede i gata.

Ettersom huset deira låg på i le av vinden, meinte Nes at situasjonen slik at dei var utrygge. Så dei gjekk og la seg.

Trudde banking på døra var vind

Men klokka tre vakna dei av det ho trudde var kraftig vind som slo i veggane. Men det vart hardare og hardare. Så ho stod opp for å sjå. Utanfor døra stod Røde Kors og bad oss evakuere.

– Vi fekk jo sjokk for vi trudde jo ikkje vi var i fare. Men det var berre for å vere heilt sikre at vi vart evakuerte. Dei var redde for at vinden kunne snu.

Naboane vart også evakuerte. Nes fekk beskjed om at dei var evakuerte fordi var innanfor ei tryggingssone, og ikkje i umiddelbar fare for at huset deira skulle byrje brenne.

– Det var jo mykje verre for mange av dei andre vi var evakuerte med. Dei var ganske redde for husa sine. For dei låg langt nærmare. Dei fekk seinare høyre at dei hadde mista huset sitt.

Sjokkbeskjed til mange som miste huset

Nes fortel at folk som miste huset knapt forstod kva dei fekk beskjed om.

– Eg trur det tok litt tid for dei forstod at dei hadde mista alt. Dei hadde ikkje fått berga ut noko som helst.

Nes vart saman med besteforeldra evakuerte til Håbakken kafé, saman med rundt 50 andre. Om lag like mange er evakuerte til Aurland fjordhotell.

– Vi snakkar saman om det som har skjedd. Men det er ikkje til å tru!

No ventar ho og besteforeldra på å få komme tilbake til huset sitt.