Hopp til innhold

Mange vil hjelpe andre i jula

Mange privatpersonar startar eigne innsamlingsaksjonar for å hjelpe dei som ikkje får julegåver eller julemat.

Gåver Aralden Håvåg

GÅVER: Aralden Håvåg har sjølv kjøpt 35 gåver som ho gjer vekk.

Foto: PRIVAT

Renate Aralden Håvåg

SAMLAR INN: Renate Aralden Håvåg samlar inn gåver til dei som treng det.

Foto: PRIVAT

For to år sidan opplevde Renate Aralden Håvåg og hennar familie ei vanskeleg økonomisk periode med mange uventa utgifter. Jula nærma seg og familien hadde ikkje nok pengar til å kjøpe julegåver og julemat.

– Det er ein fortvilande situasjon når ein har to ungar, fortel ho.

Aralden Håvåg søkte hjelp sjå Røde Kors i Førde, men fekk beskjed om at ein måtte vere busett i kommunen for å få mat og gåvekort frå dei. Ho søkte difor hjelp på internett.

– Eg la ut ei annonse, og der var det mange som ville sende gåver.

Den største overraskinga kom frå ein mystisk mann som ville møte ho.

– Då eg trefte han gav han meg ein klem og eit gåvekort på 2000 kroner. Det hadde eg ikkje trudd i min villaste fantasi om eit ukjent menneskje, og tårene rant, fortel ho.

Det var Firda som første omtalte saka.

Samlar inn gåver

Ann-Maria Nydal

EVENTYRSTALLEN: Ann-Maria Nydal Håpar mange vil leggje gåver under treet.

Foto: PRIVAT

Mannen hadde sjølv hatt det vanskeleg ein gong og ville gje tilbake. No gjer Aralden Håvåg det same.

– Eg starta i januar og har kjøpt inn 35 gåver, som eg vil gje vekk. Med dei håper eg å hjelpe familiar i Sogn og Fjordane som treng det, seier ho.

I ei annonse på finn.no spør ho om andre vil vere med å hjelpe dei som treng det i jula.

– Det er veldig kjekt å kunne si ja når nokon spør om hjelp, men det er fleire som spør enn eg klarar å hjelpe, fortel ho.

Aralden Håvåg har også laga ein konto der folk kan sende inn pengar. Til no er det nok pengar der til å kjøpe julemiddag til tre familiar.

– Mange rørande historier

Gjevargleda er stor i fylket og fleire prøvar med private initiativ å hjelpe dei som treng litt ekstra hjelp i jula.

På Eventyrstallen i Førde skal dei sette opp eit juletre 1. desember kor folk kan kome og leggje gåver under.

– Dette gjer eg fordi eg har moglegheit til det. I sommar la eg ut ein kort tekst på Facebook om at born som ikkje hadde vore på ferie, kunne kome til oss ein dag. Då fekk eg høyre mange rørande historier. Det er ikkje berre om sumaren born har det vanskeleg, men også i jula, fortel Ann-Maria Nydal, som arbeidar på Eventyrstallen.

Gjer til sjukehuset

Ho oppfordrar folk som vil kome med gåver om å merke dei med kven dei kan passe til, slik at ein veit kven det er best å gje gåvene til.

Planen til Nydal er å ta med gåvene til sjukehuset 23. desember og glede borna som må vere der jula der.

– Desse borna fekk ikkje den jula dei hadde ønskja seg. Eg trur mange vil gje gåver og eg har allereie sett at det er mange som anten vil hjelpe eller trenger hjelp, fortel ho.