Hopp til innhold

Mange er heime på OD-dagen

FØRDE (NRK): Fleire vel å jobbe heime hjå foreldra under Operasjon Dagsverk. I Førde hadde OD-komitéen i år problem med å skaffe nok jobbar.

Delar av OD-komiteen ved Hafstad VGS

OD-KOMITÉEN PÅ HAFSTAD VIDAREGÅANDE SKULE: Frå venstre Astrid Løland, Birthe Kamille Øen, Martha Linnea Pukallus, Massoma Jurmy og Grete Roska.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

– Vi må telje opp etter at dagen er over, men eg vil tippe at om lag 70 prosent jobba heime, seier Martha Linnea Pukallus, som er nestleiar i OD-komitéen ved Hafstad vidaregåande skule i Førde.

Totalt 22 skular i Sogn og Fjordane er med på aksjonen, som på landsbasis dei siste åra, har samla inn om lag 30 millionar kroner til ulike prosjekt rundtom i verda.

Vanskeleg å få jobb

Det har vore tøft å få seg jobb på OD-dagen i Førde i år.

– Nokre av elevane har gått innom fem-seks butikkar, og berre kome tilbake med eit "kanskje" som svar på om dei har bruk for dei i ein dag, seier Pukallus.

– Vi i komitéen ringde rundt til mange plassar for å skaffe jobb til dei som ikkje klarte det sjølv, men det var få som tilbydde seg å hjelpa.

Ein som tilbydde arbeidsplass var Førde Hotel. Og på kjøkkenet var Truls Haukeland og Torstein Fimland i full gang med å kutte opp 20 kilo med kålrot.

– Det har vore vanskeleg å finna noko sjølv då mange alt hadde tilsett folk. Skulen ordna det slik at vi fekk jobbe her, seier Fimland og Haukeland.

OD-dag på Førde hotel

KÅLROT: Torstein Fimland (t.v.) og Truls Haukeland har hendene fulle på kjøkkenet ved Førde Hotel. Dei hadde fått i oppgåve å kutte opp 20 kilo kålrot og ein stor pose gulrøter.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

– Skulen ringde oss torsdag med spørsmål om vi kunne ha nokre elevar her, og det går til ei god sak. Derfor sa eg ja til å ha desse to her, seier Jens Friis ved Førde Hotel.

Valde skulen

For bedrifter som er med på årets aksjon kostar eitt dagsverk 300 kroner for ungdomsskuleelevar og 400 kroner for vidaregåande.

Ved Hafstad vidaregåande skule sat 20 elevar igjen på skulen. Dei fekk seg ikkje jobb, og i staden for å sitja heime gjorde dei oppgåver om årets aksjon på skulen.

– Det er mange som ryddar rommet sitt og så får dei 400 kroner for det. Då er det like greitt å gå på skulen å få noko ut av dagen, seier Håvard Strandos som sitt rundt eit bord saman med sju medelevar.

Leiar i OD-komitéen Silje Viktoria Gravdal Vallestad

MANGE I FØRDE: – I Førde er det veldig mange elevar som skal ha jobb. Då vert det vanskeleg å skaffe arbeidsplass til alle, seier Silje Viktoria Gravdal Vallestad, som er leiar i OD-komitéen i fylket.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

– Lettare i Oslo

Silje Viktoria Gravdal Vallestad er leiar i OD-komitéen i fylket, og ho har merka seg at fleire har slite med å få jobb.

– I Oslo er det null problem å få seg jobb, fordi der er det så mange jobbar å ta av. I Førde er det veldig mange elevar som kjempar om dei same jobbane, seier Vallestad.

– At folk er heime er ei trend vi ser over heile landet. Det er enklare for foreldra å gje borna pengar, enn å finna ein jobb, seier ho.