NRK Meny
Normal

Mange av oss kastar dette papiret feil

Det kjekkaste er gjerne å opne pakkar, men kor skal ein kaste julepapiret?

Julepakker.

FARGESTOFF OG LEIRE: Julepapiret som julegåvene er pakka inn i er fulle i fargestoff og leire.

Foto: Jon Eeg, Jon Eeg / SCANPIX

Gåvene er pakka opp og julepapiret flyt på golvet. Då kjem kanskje spørsmålet om det glinsande papiret med julenissar på skal i papiravfall eller restavfall.

– Fleire trur at dette skal rett i papirdunken, men julepapir skal faktisk i restavfallet, seier Kristen Reikvam Ravnestad, som er konsulent i Nordfjord miljøverk (NoMil).

Men det er jo papir, tenker du.

– Nei, det er lite papirfiber i julepapiret. Det inneheld fargestoff og leire som gjer at dette ikkje kan attvinnast som papir, seier Reikvam Ravnestad.

Sjølv om julepapiret skal i restavfallet over store delar av landet, så er det likevel nokre stadar det skal i papiravfall.

Fleire av oss gjer feil

Har du kasta julepapiret i dunken for papir, så fortvil ikkje. Du er ikkje aleine.

– Det er lett å tenke at julepapiret er papir og skal i papiravfallet, så det er nok mange som gjer feil, meiner Reikvam Ravnestad.

Midt i julestria ringer telefonen støtt og stadig på miljøverket.

– I jula får vi ekstra spørsmål om forskjellig ting som har med jula å gjere, men det er flott at folk er opptekne av det, seier Reikvam Ravnestad.

Kristen Myklebust Ravnestad Eli-Kari Gjengedal

BEST HEIME: Konsulent hos NOMIL, Kristen Reikvam Ravnestad, seier at sorteringsjobben er best gjort heime.

Foto: Ronald Toppe / storm.no

Reikvam Ravnestad har ei klar oppmoding når det gjeld juleboset.

– Ver flink med sortering for å få god nytte av dunkane sine. Sorteringsjobben er best gjort heime.

Andre lure tips er å finne fram ein sekk til papiret og rydde undervegs. Det aller beste miljøtipset er likevel å pakke gåvene inn i grå-/brunpapir.