Hopp til innhold

Andreas inviterer einsame til julefeiring

Andreas (7) synest det var dumt at familien blei åleine i jula. No opnar familien dørene for einsame i jula.

Inviterar ukjende til julefeiring

Andreas og systera pyntar til jul og håper at nokon som ikkje har nokon å feire med vil kome.

Foto: Arne Stubhaug

I Haukedalen i Sunnfjord har snøen lagt seg rundt tunet til familien Ness Tretteteig.

Men i år blir det ei litt annleis julefeiring, takka vere sjuåringen Andreas.

– Me sat i bilen på veg heim frå skulen, så synest han det var litt dumt at me blei heilt åleine på julaftan, så kom han på den gode ideen at vi kunne invitere nokon me ikkje kjenner, fortel mor, Ingvil Ness Tretteteig.

Då var vegen kort til å legge ut eit innlegg i sosiale medium der dei inviterte ukjende til å feire jul heime hos dei.

Familien er heller ikkje aleine om å ville bidra til at andre skal få ei fin jul.

Berre på nettstaden for kjøp og sal, Finn.no har tenesta «tilby hjelp til jul» opplevd ei stor auke frå i fjor.

Den blei brukt 1296 gangar i 2022 og har allereie blitt brukt 2277 gangar i år, opplyser Linda Glomlien, pressekontakt ved finn.no.

Inviterar til julefeiring i heimen

Eldstejenta i familien Ness Tretteteig, Aina, er spent på å kanskje feire jol med nokon ho ikkje kjenner.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Eit stort behov

Frivillige organisasjonar og lag arrangerer alternative julefeiringar over heile landet.

Ved Kirkens Bymisjon i Bergen ser dei eit aukande behov for eit tilbod til dei som anten ikkje har råd til å feire jul, eller ikkje har nokon å feire med.

Men der nokon vil trivast best ved å forsvinne i mengda under eit stort arrangement, vil andre ha behov for å kome nærare på færre menneske. Som i heimen til familien i Haukedalen.

– Det er kjekt at folk som har kapasitet opnar dørene sine, seier Siv Lyngtun, som er næringslivskontakt i Kirkens Bymisjon.

– Jula forsterkar alt

Korleis einsemd vert opplevd, er så individuelt at det ikkje er det lettaste å fange i statistikk.

På startstreken til pandemien, opplyste 1 av 3 at dei er «litt eller mykje plaga av einsemd» til Statistisk sentralbyrå. Undersøkinga blei gjort mellom 9. og 30. Mars.

Samstundes er nordmenn dei som kjem best ut av ei undersøking av ei rekkje europeiske land om einsemd.

– Det blir sagt at jula forsterkar alt, seier diakon i kyrkja i Førde, Anita Øvreås Rusken.

Glede og fellesskap, eller sorg og einsemd.

Spente på kven som vil kome

Storesystera til Andreas, Aina har gjort seg nokre tankar om korleis julefeiringa til familien vil bli.

– Det kan bli litt rart, men om me blir gode vener kan dei jo kome fleire gangar og, funderer Aina og konkluderer med at ho vil ta dei godt i mot uansett.

I huset har julestjerna teke plass i vindauget.

– Eg håper at nokon vil kome, kose seg og få ei god julefeiring, seier mor, Ingvil.

Inviterar til julefeiring i heimen
Foto: Arne Stubhaug / NRK