Hopp til innhold

Kan bevise at fleire Astrup-kopiar er selde som ekte

Fleire falske Astrup-bilete er bevisst selde som ekte. Det hevdar barnebarnet til Jølster-kunstnaren Nikolai Astrup. Astrup-eksptert Øystein Loge ber politiet starte etterforsking.

Nikolai Astrup Geelmuyden
Foto: Bård Siem / NRK

Det har vore ei turbulent tid kring verka til Nikolai Astrup. No meiner barnebarnet Nikolai Astrup Geelmuyden å kunne bevise at fleire har kopiert verk av den kjende Jølster-kunstnaren, og selt desse som ekte.

– Dei er utgjevne for å vere ekte. Det har ikkje eg gjort, seier 82-åringen.

Avslørte bilete som kopi

Engel og Nikolai Astrup

KJEND: Nikolai Astrup, her saman med kona Engel, er ein av landets mest kjende kunstnarar.

Frå den kunstkledde stova si på Mortensrud i Oslo, har Astrup Geelmuyden følgt den oppheita mediedebatten om Astrup-bileta. I sommar stod han sjølv i fokus då eit ukjent eksemplar av måleriet «Jonsokbål» dukka opp.

Ekspertar trudde det var ekte , men Astrup Geelmuyden stod då fram og avslørte at det var han som førte penselen då det vart laga på slutten av 1940-talet.

– Eg tykkjer det er litt rart at ein snakkar om at det berre er eg som har laga kopiar. Jammen er det mange andre som har gjort også, seier han nokre månader seinare.

– Veldig mange uekte

For 82-åringen meiner bestemt at det er mange som har visst å sno seg på namnet og verka til kunstnaren som levde i tidsrommet 1880 til 1928. I dag er Nikolai Astrup ein av norges mest kjende kunstmålarar. Bilete blir omsett for millionar av kroner.

No herskar det altså uvisse om kva som er ekte og kva som er kopiar.

– Det er ikkje berre eg som har gjort dette, og eg har ikkje utgjeve det som ekte. Eg har berre ikkje signert det, seier han når NRK vitjar han i Oslo.

– Kan du bevise det?

– Ja. Du har mykje tull med desse tresnitta som blir selde som Astrup. Det er veldig mange som ikkje er ekte.

Vil hjelpe til

Astrup Geelmuyden ynskjer ikkje å utdjupe kven som står bak kopiane, men seier han gjerne vil hjelpe til med å finne ut kva som er ekte og uekte.

Kunstmusea i Bergen har tidlegare sagt at dei håpar å kunne starte eit slikt arbeid i løpet av neste år .

– Eg kjenner Astrup sine stilar og kan setje tvil med om bilete er ekte, seier 82-åringen som i barndommen budde fleire år på garden til bestefar sin på Jølster.

Astrup-ekspert, og magister i kunsthistorie, Øystein Loge, skildrar opplysningane frå Astrup Geelmuyden som oppsiktsvekkjande.

– Kriminelt

Loge meiner det er på tide at politiet byrjar å etterforske saka.

– Det er veldig kjekt at han kjem fram og seier at han har slike opplysningar no. Det er på høg tid, for det er klart at alle kunstelskarar og Astrup-elskarar ynskjer å få luka vekk kopiar og misforståelser kring bilete, seier han og legg til:

– Dersom nokon bevisst prøver å selje kopi som ekte, så er det kriminelt. Då er det politisak.

Kjem fleire kopiar

Astrup Geelmuyden fortel at det truleg vil kome endå fleire forfalskningar på marknaden i åra som kjem.

Mellom anna fekk han nyleg ein telefon frå ein mann som hevda han sat på fleire ekte Astrup-bilder som Jølster-kunstnaren skal ha måla i Frankrike.

– Eg trur at etterkvart som Astrup stig i verdi, så vil du få fleire og fleire forfalskingar, seier han.