Hopp til innhold

Lovar å stå på for framskunding av Vikafjellstunnelen

Medlem av transportkomiteen, Torill Eidsheim (H), lovar å halde fram arbeidet for å få framskunda Vikafjellstunnelen. Men framleis ligg tunnelen i siste del av Norsk Transportplan.

Transportkomiteen på vitjing

INNSPEL: Medlem i transportkomiteen på Stortinget, Torill Eidsheim (H), vitja i dag Vik. Til venstre stortingspolitikar Bjørn Lødemel (H). Til venstre avdelingsdirektør i Vegvesenet, Nils Magne Slinde.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Vi har vore klar over utfordringane som ligg her. Klart det gjer inntrykk å sjå kva konsekvensar dette får for ei bygd som Vik, seier Eidsheim.

Ho var i dag på synfaring i bygda og på Vikafjellet, for å sjå med eigne auga kva utfordringar vikjene slit med. Denne vinteren har fjellovergangen mellom Vik og Voss vore stengd i meir enn to månadar, primært grunna ras og fare for ras.

– Når ein ser at det har vore så mykje stengt som i vinter, så er det uhaldbart. For næringslivet er ikkje dette ein haldbar situasjon, seier Eidsheim.

Meiner Høgre står samla

Ho er klar på at Høgre tidlegare har signalisert at dei ønskjer ein tidlegast mogleg oppstart av Vikafjellstunnelen.

Vikafjellet

SJÅ TV-SAK: Det var lettare sagt enn gjort då høgrepolitikarane i dag ville sjå Vikafjellet med eigne auge.

– Men slik det ligg inne i NTP no, så gjer det ikkje det. Tunnelen ligg inne i siste halvdel av perioden. Det meiner vi det må gjerast noko med, seier Eidsheim.

Ho lovar at Høgre skal gjere det dei kan for å skubbe prosjektet fram i første halvdel av NTP.

– Det handlar om planprosessar, at vi sikrar at dei går smidig og greitt, og at vi er opptekne av å sjå på når prosjektet kan stå ferdig, seier Eidsheim.

– Har du resten av stortingsgruppa til Høgre med deg?

– Ja. Det trur eg ikkje det skal vere noko som helst problem med. Men vi er avhengige av dei andre partia på stortinget også. Men Framstegspartiet har også tidlegare signalisert at dei meiner dette er viktig, seier Eidsheim.

Marta Finden Halset og Olav Turvoll

HÅPAR: Både ordførar Marta Finden Halset og varaordførar Olav Turvoll håpar framskundinga av Vikafjellsvegen er i nær framtid.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Har kjempa i 30 år

Ordførar i Vik, Marta Finden Halset (Ap), er klokkeklar på kva Vikafjellstunnelen betyr for dei nær 3.000 innbyggjarane.

– Vikafjellstunnelen betyr alt for innbyggjarane i Vik kommune. Vi har kjempa for dette i 100 år, intensivt dei siste 30 åra, seier ordførar Marta Finden Halset.

Ho peikar på at Vik kommune er fullstendig avstengd frå omverda når fjellet er stengt og siste ferje har gått i Balestrand-sektoren på kveldstid.

– Då har vi ikkje ein sjanse til å komme oss ut og inn frå kommunen. Så dette betyr alt, seier Halset.

Tvilar på avklaring før 2017

Varaordførar Olav Turvoll (Sp) peikar på at for næringslivet har ein fast vegforbindelse til Voss i Hordaland mykje å seie.

– Både når det gjeld å få ut og inn varer, men også når det gjeld salsarbeid. Det er eit reelt problem. Bur ein i Vik, kan ein aldri lite på at ein kjem fram til rett tid, seier Turvoll.

Halset håpar vallovnadane til Høgre og Frp vert innfridde, men tvilar på ei avklaring om ei eventuell framskunding før revisjon av NTP i 2017.

– Men vi håpar, seier Halset.