Hopp til innhold

– Vi treng Vikafjellstunnelen no!

Denne vinteren har fjellovergangen mellom Vik og Myrkdalen vore stengt i over to månadar. No er innbyggjarane lei av å vente på oppstarten av den lova Vikafjellstunnelen.

Ras Vikafjellet søndag 19. april

STENGT IGJEN: Slik ligg snøen i Kvassdalen på Vikafjellet. Her blir det ingen biltrafikk på ei stund.

Foto: Bjørn Vedå

– Det er ein heil kommune som er innestengt store delar av vinteren, og sånn kan det ikkje vere, seier ordførar i Vik kommune, Marta Finden Halseth.

Store snømengder og ras gjer riksveg 13 over Vikafjellet til eit mareritt for folk på begge sider av fjellet. No er vegen stengt igjen.

Denne vinteren har riksveg 13 vore stengt i over 1700 timer, som svarar til 70 døgn. Raset søndag er det tredje berre i april.

Lange omkøyringsvegar

Marta Finden Halset

FORVENTE FRAMGANG: Ordførar i Vik kommune, Marta Finden Halseth, forvente at regjeringspartia held det dei lovar og bygging av Vikafjellstunnelen.

Foto: Vik kommune

Store deler av vinteren må bebuarane i Vik i Sogn og i Voss kommune ta i bruk lange omkøyringsvegar for å kome seg dit dei skal.

– Heile sogneregionen er avhengig av at Vikafjellet er open, og sånn som vinteren har vore i år så stadfestar det kor viktig det er med tunnel. No krev vi fortgang i planane, seier Halseth.

Avstanden mellom Vik og Vinje over Vikafjellet er normalt 47.2 kilometer. No er alternativa:

  • Via Sogndal, Lærdal og E 16: 159 km pluss to ferjer
  • Via Balestrand, Lavik–Oppedal og Mo: 264 km pluss to ferjer

Lova å skunda fram byggjestart

I over 50 år har Vik kjempa for å gjere Vikafjellsvegen til heilårsveg mellom Vik og Voss. Dei ønskjer seg ein tunnelen på 16 kilometer, som truleg vil koste mellom ein og to milliardar kroner.

10. juni 2013, dagen før Stortinget vedtok Nasjonal transportplan (NTP), lova Bård Hoksrud (Frp) no statssekretær i Samferdselsdepartementet, å skunda fram byggjestarten på ein trygg tunnel gjennom Vikafjellet.

– Vi håpar at det er fullt mogleg å koma i gang i 2014-2015, sa Hoksrud då.

Fleirtal for framskunding

Kunne ikkje lova noko

BROTNE LOVNADER: Statssekretær Bård Hoksrud veit ikkje når pengane til Vikafjellstunnelen er på plass.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vikafjellstunnelen kom med i NTP, men med byggjestart i perioden 2018–2023. I stortingsvalkampen i 2013 lova både Høgre og KrF å flytte tunnelbygginga fram til 2018 eller tidlegare. På Stortinget er det difor fleirtal for framskunding.

– Førebels har vi ikkje klart å finne pengar til dette prosjektet, seier Hoksrud no.

Halseth er ein av mange som forventar at regjeringspartiet likevel skal holde det dei har lova.

Transportkomiteen over fjellet

Høgre sine representantar i transportkomiteen køyrer i dag over Vikafjellet i minibuss på synfaring.

– Vi kjem til å vise dei Vikafjellet og kvifor denne tunnelen er så viktig. Vi treng ein trygg heilårsveg, og no er det berre den politiske viljen som står att, seier Halseth.

– Ein heil kommune er innestengt store delar av vinteren. Når siste ferja har gått og fjellet er stengt, så er einaste alternativ helikopter. Dette går ikkje lenger, no må dei snart setje i gong med bygging av tunnelen, legg Halseth til.