NRK Meny
Normal

Lovar 400 millionar til Olden-Innvik

Senterpartiet tilbyr 400 millionar vegkroner til Olden-Innvik for å få bru over Nordfjorden ved Anda-Lote, men Arbeidarpartiet seier nei.

Marit Arnstad og Nils P. Støyva

FORHANDLINGAR: Samferdsleminister Marit Arnstad (Sp) har lagt fram kompromiss om 400 millionar kroner til opprusting av Olden-Innvik, men ifølgje fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Nils P. Støyva, er dette ukjend for han.

Foto: Montasje/Renold Tennysen Christopher/Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Etter det NRK kjenner til er pengane føreslegne til ei opprusting av Olden-Innvik over Statsbudsjettet og at strekninga får status som Riksveg.

Senterpartileiar, Liv Signe Navarsete, presiserer at det er Samferdselsdepartementet ved statsråd Marit Arnstad (Sp) som har lagt fram kompromiss om 400 millionar og omklassifisering av Stryn-Byrkjelo.

I hestehandelen skal dette få Arbeidarpartiet til å velje vekk den indre traseen, og gå for løysinga over Lote-Anda. Eit knapt fleirtal i fylkestinget, med blant andre Senterpartiet, har gått for ei bru i midtre Nordfjord, framfor å leggje veg om Stryn i indre.

Ukjent for Ap-leiaren

Fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Nils Petter Støyva, seier dette er ting han ikkje kjenner til og seier at han uansett har eit fylkesårsmøte å halde seg til.

– No har Arbeidarpartiet eit fylkesårsmøtevedtak mot fire stemmer som tilseier at vi skal gå for indre linje. Vi kan ikkje snu kappene etter vêret og hoppe på alle moglege slags rykte, og høgttenking som er ute og går, seier han.

Anders Ryssdal

SKANDALE: Gloppenordførar Anders Ryssdal meiner det er ein skandale dersom ein ikkje tek imot dei 400 millionane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I følgje Fylkeskommunen vil ein sum på 400 millionar kroner fullføre strekninga mellom Olden-Innvik. Ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal, meiner fylket ikkje har råd til å skusle vekk pengane.

– Om dette stemmer nærmar det seg ei politisk skandale at Arbeidarpartiet no trenerer å få til ei god løysing for Sogn og Fjordane og for Nordfjord. Eg meiner også det er sterkt kritikkverdig viss Arbeidarpartiet no går imot vedtaket som fylkestinget faktisk har gjort, seier Ryssdal.

Står på fylkesårsmøtevedtak

Men Støyva vil likevel ikkje endre standpunkt.

– Eg held meg til det vi i Sogn og Fjordane Arbeidarparti har sagt i denne saka.

– Kjenner du ikkje eit ansvar for å få til ei avklaring i denne saka?

– Jo, vi har bedt om avklaring, men som sagt står vi på vårt vedtak og vi kan ikkje berre snu om på det over natta. Eg har eit fylkesårsmøtevedtak å halde meg til og det ligg fast, seier Støyva.

Vegopning på Bergum i Førde kommune