Hopp til innhold

No lovar Venstre ferjefri E39

Venstre med valløfte under sognebesøk.

Rotevatn

LOVAR: Sveinung Rotevatn (V) og partikollega Terje Breivik lovar ferjefri E39.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Venstre-nestleiar Terje Breivik og fylkeskandidat Sveinung Rotevatn lovar ferjefri E39.

– No skal vi knyte saman Vestlandet, seier Breivik i ei pressemelding.

Verdiskaping

Saman med Rotevatn var han måndag på rundtur i Sogn, der dei mellom anna vitja Statens vegvesen sitt regionkontor på Leikanger.

Her venta det grundig orientering om prosjektet ferjefri E39.

– Dette er vår tids store vegprosjekt. Ikkje berre for Vestlandet, men for heile Norge. Ei forsert utbygging av E39, med ferjefrie fjordkryssingar, vil utløyse eit enormt potensial for verdiskaping, seier Rotevatn.

– Rein galskap

Ferjefri E39 frå Trondheim til Kristiansand er kostnadsrekna til kring 100 milliardar kroner. Det er ikkje alle som deler gleda over prosjektet. SV har gjeve klare signal om at dei ikkje vil prioritere tiltaket som leiar Arild Hermstad i Framtiden i våre hender skildrar som rein galskap.

Prosjektet vert av fleire sett opp mot behovet for ei togsatsing på Austlandet, medan andre etterlyser meir midlar til utbetring av vegnettet.

– I tillegg vil utbygginga koste enorme beløp. Dette er pengar som heller burde brukast på å ruste opp dagens vegnett, slik at vi får ein tryggare veg mellom ferjene, sa leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken.

Vil ha begge deler

Bent Høie (Høyre)

VIL HA: Bent Høie og Høgre har lovd ferjefri E39.

Foto: Aas, Erlend, Erlend Aas / Scanpix

No følgjer altså Venstre i fotspora til også Høgre-nestleiar Bent Høie med lovnad om ferjefri E39. I programmet for neste stortingsperiode går partiet inn for å «prioritere ei forsert utbygging av ei ferjefri kyststamveg, E39 Kristiansand-Stavanger-Bergen-Ålesund-Trondheim, og tilgrensande vegnett»

Det opphavlege framlegget frå programkomiteen var noko mindre forpliktande, men etter påtrykk frå vestlandsfylka konkluderte landsmøtet med å gå tydeleg inn for prosjektet.

– At Venstre no set ferjefri E39 opp som ei nasjonal hovudprioritering, saman med InterCityutbygginga på Austlandet, var ein stor siger for oss i Vestlands-Venstre, seier Rotevatn.

Viktig satsing

Terje Breivik

VIKTIG: Terje Breivik vil ha ferjefritt E39.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB Scanpix

Breivik, som sjølv er stortingskandidat for Hordaland Venstre, stadfestar at kyststamvegen vert ei hovudprioritering for partiet om det blir regjeringsskifte til hausten.

Om det vert blågrøn regjering etter valet, vil dei presse på for at ferjefri E39 skal realiserast snarast råd.

– Det er sjølvsagt ei tung økonomisk prioritering, men vinsten for storsamfunnet vert desto større. Det er stor verdiskaping på Vestlandet, og å knyte landsdelen ordentleg saman er viktig for alle oss som bur her – og viktig for Noreg, seier Breivik.