I lang tid har Senterpartiet og Arbeidarpartiet prøvd å bli samde om europavegen skal gå i midtre eller indre Nordfjord.
Få NRK har snakka med, trur traseen vil bli bestemt innan måndag når Transportkomiteen på Stortinget skal handsame Nasjonal transportplan.
Tøffe drakampar
Det er ei uvanleg betent og splittande sak Senterpartiet og Arbeidarpartiet forhandlar om i Regjeringa akkurat no.
Mange ønskte ei avklaring på kvar E39 skal gå gjennom Nordfjord då Regjeringa la fram forslaget sitt til Nasjonal transportplan i april. Men Ap og Sp greidde ikkje å bli samde. NRK veit at det pågjekk tøffe drakampar mellom dei raudgrøne til seint på kvelden før transportplanen blei lagd fram.
- LES OGSÅ:
Partia står på sitt
På dei to månadene som har gått, har forhandlingane gått trått. Begge partia står steilt på sitt. Sp vil at E39 skal kryssa Nordfjorden med ei bru over Anda-Lote. Medan Ap vil ha tunnel gjennom Utvikfjellet, bru ved Svarstad i Stryn og ei påkopling på den nyopna Kvivsvegen.
Eit springande punkt i drakampen har vore kvar E39 skal gå vidare på nordsida av fjorden i Anda-Lote-alternativet. Den så kalla S-en, der vegen svingar austover frå Lote og koplar seg på Kvivsvegen, skal vera lite aktuell no, fordi køyretida blir lenger.
Stigedalen har difor igjen sigla opp. Men eit slikt alternativ vil kosta om lag 2 milliardar kroner meir enn ein indre trase om Stryn kommune. Det gjer Ap ytterlegare skeptiske til det alternativet.
- LES OGSÅ:
Måndag skal Transportkomiteen på Stortinget handsama Nasjonal transportplan. Få trur det vil koma ei avgjerd innan då. Det vil i så fall vera ei ulukke både for dei raudgrøne og for Sogn og Fjordane, meiner mange.
Sjølv om også opposisjonen er splitta, kan dei flagga tydelege standpunkt i denne saka. Det kan ikkje Sp og Ap gjera, noko som vil gjera valkampen deira krevjande.
Ei utsetjing kan òg gå ut over heile Sogn og Fjordane fordi politikarane kivast internt i staden for å bruka kreftene til å kjempa i samla front for meir vegpengar til fylket.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: