Hopp til innhold

Fylkesordførar vil dele opp E39-prosjekt - dette likar ikke Eid-ordføraren

Fylkesordføraren i Møre og Romsdal driv taktisk spel når han seier at behandlinga av E39 bør kunne delast opp i enkeltprosjekt, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

Alfred Bjørlo og Jon Aasen

UEINIGE: Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) og fylkesordførar Jon Aasen (Ap) er ikkje samde om korleis framtidig E39 skal behandlast.

Foto: montasje NRK

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) meiner det bør vere fullt mogleg for regjeringa å behandle dei ulike fjordkryssingsprosjekta for E39 kvar for seg.

Bakgrunnen for uttalen er at styreleiarane i Møreaksen, Hafast og Halsafjordsambandet fryktar forseinkingar dersom den betente striden om vegvalet i Nordfjord ikkje blir avgjort før valet.

Meiner det er ei fornuftig haldning

Difor har dei no bede regjeringa splitte opp behandlinga av E39 i enkeltprosjekt. Fylkesordføraren i nabofylket ser ingen grunn til å ikkje kunne sjå dei ulike fjordkryssingsprosjekta på E39 kvar for seg.

– Dersom det er den einaste måten vi kan komme vidare på utan å vente på Nordfjord, er dette både ei fornuftig og pragmatisk haldning til problemet, seier Jon Aasen.

Han seier det beste hadde vore å få ei avgjerd i Nordfjord slik at ein hadde heile strekkjer.

– Men no når ein ikkje får det til, er dette den nest beste løysinga og for Møreaksen den beste løysinga her og no, seier fylkesordføraren.

Har skapt stor entusiasme

Han er oppteken av at E39 ikkje må forsinkast og seier det er skapt stor entusiasme i alle ledd for planane om ferjefri E39 innan tjue år.

– Den står fast, og då må ikkje politisk usemje på ein stad stoppe opp heile linja. Får vi ikkje gjennomslag for heile linja, får vi dele opp og jobbe med det vi er einige om.

– No må fylket vakne opp

Eid-ordførar Alfred Bjørlo seier fylkestinget i Sogn og Fjordane allereie har fatta vedtak om midtre linje via Anda-Lote. Han meiner utspelet frå Aasen berre er trenering frå Aasen si side for å få kunne flytte vegpengar over til Møre og Romsdal.

– Eg reagerer sterkt på at vi no har ei regjering som ikkje klarar å fatte traséavgjerd gjennom Sogn og Fjordane.

Bjørlo meiner det er på tide at Sogn og Fjordane vaknar opp.

– Eg forventar at fylkesordføraren vår og alle andre politikarar i fylket er heilt tydelege på at vi no må vi skjere gjennom og få eit vedtak på E39 i Sogn og Fjordane over Nordfjord, og så må prosjektet rulle vidare etter det, seier han.

– Vi eter ikkje av kvarandre sin pott

Fylkesordførar Jon Aasen meiner det Alfred Bjørlo seier om at dei er ute å flytte vegpengar, er tøvete.

– Det er ikkje slik at fylket har fått kvar sin pott med pengar. Det er heller ikkje slik at den som kjem først, eter av dei andre sine pengar. Kvart prosjekt får sine pengar, uavhengig av dei andre, seier Aasen.